Slaget ved Cádiz vart utkjempa i august og september 1702 og var eit engelsk-nederlandsk forsøk på å erobre den sørspanske hamnebyen Cádiz under den spanske arvefølgjekrigen. Cádiz vart det største europeiske senteret for handel mellom Spania og Amerika. Ved å erobre hamna ville ein ikkje berre råke transportvegane mellom Spania og Amerika, men òg gje dei allierte ein strategisk viktig base som dei engelsk-nederlandske flåtane kunne dominere Middelhavet frå.
Den militære oppbygginga vart støtta av diplomatiske tiltak i Portugal for å sikre at kong Peter II vart med i Storalliansen. Dei allierte meinte òg å samle støtte i Spania for eit opprør til støtte for den austerrikske tronpretendenten til den spanske trona, erkehertug Karl. Slag var det første i krigen på Den iberiske halvøya, men på grunn av rivalisering mellom dei allierte partane, dårleg disiplin, dårleg samhandling, og eit dyktig forsvar frå markien av Villadarias, klarte ikkje admiral George Rooke å fullføre målet sitt, og etter ein månad, segla han heimover att.
Bakgrunn
Den 15. mai 1702 erklærte maktene i Storalliansen, leia av England og Dei sameinte Nederlanda, kring mot Frankrike og Spania. Keisar Leopold I erklærte òg krig mot Bourbon-maktene, men styrkane hans under prins prins Eugene hadde alt byrja striden i Nord-Italia langs Podalen i eit forsøk på å sikre det spanske hertugdømet Milano for Austerrike. Det suksessrike felttoget til Eugene i 1701 skapte ein entusiasme for krigen i England mot Frankrike, og hjelpte Leopold å overtale kong Vilhelm III til å sende ein alliert flåte til Middelhavet. Grev Wratislaw, keisaren sin representant i England, meinte at synet av ein alliert flåte i Middelhavet ville få ein revolusjonerande effekt i den spanske provinsen Napoli; vinne Sør-Italia frå det vaklande grepet til Filip V; skremme den frankofile pave Clement XI; og oppmuntre hertugen av Savoie – og andre italienske prinsar - til å endre side.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 262 Prins Eugene var meir beskjeden og bad om ein skvadron til å verne passasjen av forsyningane hans frå Trieste og over Adriahavet.
Engelskmennene hadde sine eigne interesser i Middelhavet. Levant Company trengde eskorter, og eit alliert marinenærvær kunne endre dominansen til Toulon-flåten til kong Ludvig. Eit åtak på Toloun kunne påføre den franske marinen eit hardt slag.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 31 Det var derimot klart at før dei allierte kunne utføre strategien sin i Middelhavet, så måtte dei sikre seg ein base på Den iberiske halvøya. Valet på Cádiz opne Gibraltarsundet og gje dei allierte inngangsporten til handelen med Den nye verda. Avgjersla vart teken før kong Vilhelm III døydde i mars 1702, men strategien vart uendra under etterfølgjaren hans dronning Anne, og ministrane hennar leia av Jarlen av Marlborough.
Dei engelske representantane i det portugisiske hoffet i Lisboa, John Methuen og sonen hans Paul, ropte òg om å demonstrere den marine styrken langs spanskekysten for å oppmuntre kong Peter II til å annullere dei nylege avtalane sine med Frankrike og Spania, og bli med i Storalliansen.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 36. Methuen fekk støtte av prins Georg av Hessen-Darmstadt, eit syskenbarn av keisarinne Eleonora. Dei allierte håpte på at medan Methuen forhandla med portugisarane, så kunne prinsen inspirere og til og med leie det pro-austerrikske opprøret i Spania på vegner av den yngste sonen til keisaren og pretendenten til den spanske trona, erkehertug Karl.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 40
Opptakt Den engelsk-nederlandske flåten sette segl mot slutten av juli og segla ned kysten av Portugal den 20. august. Admiral Rooke kommanderte 50 krigsskip (30 engelske og 20 nederlandske), og transportskip, totalt 160 skip i alt. Ormonde, kommandant for soldatane, hadde under seg totalt 14 000 mann - 10 000 engelske (inkludert 2 400 marineinfanteristar) og 4 000 nederlendarar. Likevel hadde ikkje Rooke tru på ekspedisjonen. Skipa hans hadde ikkje nok proviant for eit langvarig felttog, og han var uroa for den franske hamnebyen Brest som låg mellom han sjølv og England. Rooke leid i tillegg av gikt på denne tida og han fekk melding om at kona var død same dag som han segla ut.
mini|150px|venstre|Prins Georg av Hessen-Darmstadt (1670–1705) segla med flåten for å sikre interessenen til Austerrike.
Prins Georg vart med i flåten ved Kapp St. Vincent med skipet sitt «Adventure». Både prinsen og Paul Methuen (som òg vart med i ekspedisjonen), rapporterte til Rooke at Cádiz var dårleg forsvart, men meldingane som Rooke hadde fått frå fanga fiskarar indikerte at ein stor garnison av spanske vernepliktige alt hadde styrkt byen. Tvil om den verkeleg styrken som stod imot dei vart forverra spanjolane som nytta krigslist og sette fyr i mange bål langs høgdene. Derfor låg den allierte flåten oppankra utanfor Cádiz den 23. august og brukte dei tre neste dagane på hissige diskusjonar før dei kom til ei avgjersle.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 45
Dei allierte hadde fleire åtaksval. I følgje journalen til Rooke den 25. august, Sir Stafford Fairborne:
… etter å ha foreslått for admiralen om å tvinge seg inn i hamna og øydeleggje dei åtte franske galeiane som låg under murane i Cádiz, kall han [Admiralen] inn til eit råd med flaggoffiserane for å vurdere det same, men … det vart einstemmig rekna som urimeleg og upraktisk til å risikere ein einaste fregatt i eit slikt forsøk..Churchill: Marlborough: His Life and Times, Bk. 1, vol. ii, s. 610
Eit anna val for dei allierte var å setje i land armeen under dekning av bombardement frå flåten på eidet som delte Cádiz frå fastlandet. Frå der kunne soldatane storme byen. Dette var taktikken Ormonde føretrekte, men generalmajor Sir Charles O’Hara insisterte på at ein ikkje burde gå i land på eidet med mindre marinen kunne garantere at det vart sett i land daglege forsyningar. På grunn av pålandsvinden i området kunne dei ikkje dette.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 46 Det andre valet til Ormonde var ein blokade støtta av eit bombardement av byen. Men det var tvil om skipa kunne ankre opp nær nok til å få til eit effektivt bombardement. Uansett sette prins Georg seg i mot planen i frykt for å hisse opp innbyggjarane. Avgjersla vart derfor å sette dei allierte soldatane i land mellom Bullsbukta og Fort St. Catherine. Dette passa marinen fordi dei kunne føre skipa nær kysten, og frå bruhovudet på stranda erobre byane Rota og El Puerto de Santa María. Landingsplassen var derimot eit langt stykke unna starten av eidet som Cádiz låg på. (Sjå kart under).
Don Francisco del Castillo, marki av Villadarias hadde kommandoen i den trua provinsen Andalusia. Cádiz, den største byen i Andalusia, hadde ein garnison på 300 dårleg utrusta menn, og om lag like mange mann langs kysten, Men då den allierte flåten dukka opp, fekk soldatane stort mot og eit stort ønske om å drive dei attende.Stanhope: History of the War of the Succession in Spain, s. 50 Dei velståande byane Cordoba og Sevilla bidrog til spanjolane. Adelsmennene gjekk tils trid og dei lokale bøndene vart organiserte i bataljonar, slik at etter ein hadde fylt opp garnisonen i byen, kunne Villadarias framleis stille opp fem eller seks hundre gode ryttar og fleire tusen militssoldatar.Stanhope: History of the War of the Succession in Spain, s. 51 For å styrke stillinga si ytterlegare, sikra den spanske kommandanten hamna ved å trekkje ein sterk bom og søkkje to store skrog ved inngangen til hamna.
Slaget Landgang og plyndring mini|300px|Slaget ved Cádiz 1702.
Landgangen fann stad den 26. august i frisk vind, og førte til at dei tapte 25 landgangsfartøy og 20 mann drukna. Eld frå eit 4-kanonars spansk batteri, og eit åtak frå ein kavaleriskvadron gav dei allierte motstand under landgangen. Dei fremste rekkjene av dei allierte styrkane bestod av grenaderar som dreiv dei spanske kavaleristane attende. Ein av dei allierte offiserane, oberst James Stanhope, som seinare vart britisk øvstkommanderande i Spania, hylla motet til det engelske og spanske soldatane i den vesle trefninga, og innrømde at 200 fleire kavaleristar ville ha hindra dei allierte i å gå i land.Stanhope: History of the War of the Succession in Spain, s. 54
Frå landingsstaden gjekk styrkane til Ormonde mot Rota. Byen var funnen tom (sjølv om guvernøren og nokre av innbyggjarane kom attende etter ei stund og tok imot dei). Dei allierte var der i to dagar, sette i land hestar og forsyningar. Sjølv om militærmakta vart verande hos engelskmennene og nederlendarane, vart prins Georg sett til ås tyre den sivile administrasjonen i alle byane dei allierte okkuperte. Han delte ut manifest som bad spanjolane om å støtte Huset Austerrike. Enkelte kom fram for å støtte dei allierte i Rota, noko som var bra for den austerrikske representanten, som var avhengig av lokale støttespelarar som så kunne ta kontakt med andre innbyggjarar. Dei spanske styresmaktene hadde derimot gjort tiltak for å hindre at dei lokale deserterte til dei allierte, og trua med å henge alle som hadde på seg eit av manifesta til prins Georg.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 47
Dei allierte gjekk vidare for å ta Fort St. Catherine, før dei gjekk inn i byen El Puerto de Santa María. Ormonde slo opphavleg leir bortanfor byen, men feilen var å la dei vende attende. Soldatane fann byen full av uvakta varehus fulle av varer, og kjellarar fulle av vin og brennevin, det meste eigd av engelske og nederlandske handelsmenn som gjorde forretningar under spanske namn. Mennene tok seg til rette, mista kontroll, og byrja å plyndre og øydeleggje, ikkje berre varehusa, men og kloster og kyrkjer.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 48 Prins Georg var fortvila og sendte heim ein rapport som fordømde handlinga til offiserane, særleg Ormonde sin underordna, Sir Henry Belasys (Ormonde sin nestkommanderande), O’Hara, og nederlandske baron Sparr, som han heldt ansvarleg for å overtale Ormonde til å innkvartere soldatane i byen. Marinen var først ikkje involvert i plyndringa, men fall snart for freistinga og tok sin del.
Saka til erkehertug Karl fekk eit stort tilbakeslag som følgje av oppførselen til mennene til Ormonde, som i følgje Trevelyan, plyndra St. Maria til «berre veggane stod att».Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 265 Ein lokal engelsk handelsmann skreiv nedsetjande, «flåten vår har etterlate ein så ekkel stank hos spanjolane at det vil ta ein heil mannsalder å utrydde han.»Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 166 Dette enda alt håp om at dei lokale innbyggjarane skulle desserte Filip V og slå seg saman med dei allierte, og vart ein oppmuntring for Bourbon-propagandaen. Rooke sjølv rapporterte at «den umenneskelege plyndringa av Port Saint Mary laga mykje støy til sjøs og på land, og vil gjere så gjennom kristendommen.»Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 49
Gjeninnskiping Den umiddelbare effekten av plyndringa var skadeleg for ekspedisjonen. Armeen tenkte hovudsakleg på å ta byttet sitt heim, og i følgje David Francis, mista kampviljen.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 50 For sin sigen del frykta marinen for skipa deira ankra opp utanfor kysten, som i dårleg vêr var farleg. Ikkje dess mindre kravde den lange marsjen frå landingsstaden til målet deira støtte frå mennene i flåten til Rooke. Mannskapet bygde bruer, kutta faskiner, grov grøfter, henta og bar, men på grunn av sjukdom, var det ikkje nok arbeidskraft tilgjengeleg. Rooke måtte til slutt avgrense desse tunge oppgåvene til sjømennene sine, og sa at «slikt slavearbeid er ikkje for sjømenn». Admiralen kan ha vore utan val, men det var eit slag for forholdet mellom armeen og marinen.Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, s. 51