Moreakrigen er det meir kjende namnet for den sjette osmansk-venetianske krigen. Krigen vart utkjempa mellom 1684 og 1699, som ein del av den større konflikten kjend som den store tyrkiske krigen mellom Republikken Venezia og Det osmanske riket. Kamphandlingane vart utførte frå Dalmatia til Egearhavet, men det store felttoget i krigen var den venetianske erobringa av Morea (Peloponnes) sør i Hellas. På den venetianske sida vart krigen kjempa for å hemne tapet av Kreta i Kretakrigen (1645–1669), medan osmanarane var innvikla i dei nordlege grensekampane mot Habsburgmonarkiet og kunne ikkje konsentrere styrkane sine mot Republikken. Slik sett er Moreakrigen den einaste av dei osmansk–venetianske konfliktane der Venezia stod som sigerherre og vann store landområde. Gleda over dei nye landområda vart kortvarige, sidan dei tapte alt dette til osmanarane i 1715.

Bakgrunn mini|venstre|Kart over det søraustlege Europa kring 1670. Venezia hadde halde fleire øyar i Egearhavet og Det joniske havet, i lag med strategisk viktige plasserte fort langs kysten av det greske fastlandet sidan oppdelinga av Austromarriket etter det fjerde krosstoget. Då Det osmanske riket vart mektigare utover 1500-talet og tidleg på 1600-talet, mista dei mange av desse, som Kypros og Évvia (Negroponte) til tyrkarane. Mellom 1645 og 1669 kjempa venetianarane og osmanarane ein lang og kostbar krigen over det siste store venetianske området i Egearhavet, Kreta. Under denne krigen kom den venetianske kommandanten Francesco Morosini i kontakt med dei opprørske maniotane for å ta Morea i lag. I 1659 gjekk Morosini i land i Morea, og i lag med maniotane tok han Kalamáta. Han vart derimot raskt tvungen attende til Kreta og klarte ikkje å ta Peloponnes.

I 1683 braut det ut ein ny krig mellom Austerrike og osmanarane, og ein stor osmansk arme nådde heilt fram til Wien. Som svar på dette vart Den heilage ligaen skipa. Etter den osmanske armeen vart slått i slaget ved Wien, valde venetianarane å nytte høvet no når den osmanske makta var svekka og oppteken langs fronten ved Donau, og ta attende dei tapte områda sine i Egearhavet og Dalmatia. Den 25. april 1684 erklærte Venezia krig mot osmanarane.Finlay, s. 205-206

Venezia var klar over at dei måtte stole på sin eigen styrke for å oppnå suksess og var førebudd for krigen ved sikre økonomisk og militær støtte med menn og skip frå Maltesarordenen, hertugdømet Savoie, Kyrkjestaten og St. Stefan-ordenen. I tillegg leigde venetianarane mange leigesoldatar frå Italia og dei tyske statane, særleg Sachsen og Braunschweig,Finlay, s.210-211 i tillegg til å samle saman folk frå dei eigne områda sine i Italia og Dalmatia. Morosini, hadde utmerkt seg før og hadde stor erfaring med krigføring i Hellas, og vart vald til å kommandere flåten.History of the Hellenic Nation, s. 19

Den venetianske offensiven Operasjonar i Det joniske havet mini|Omleiringa av Santa Maura.

I midten av juni flytta den venetianske flåten seg frå Adriahavet til dei venetianske Joniske øyane. Det første målet var øya Levkáda (Santa Maura), som fall, etter ei kort omleiring på 16 dagar, den 6. august 1684. Venetianarane, med støtte av greske irregulære troppar, kryssa dei så over til fastlandet og starta eit raid på den motståande kysten av Akarnanía. Det meste av området kom raskt under venetiansk kontroll, og forta Préveza og Vónitsa fall seint i september og fjerna dei siste osmanske bastionane.Finlay, s. 209 Desse tidlege suksessane var viktige for venetianarane, ikkje berre for moralen, men fordi dei hadde sikra seg kommunikasjonslinjer med Venezia, nekta osmanarane høvet til å truge Dei joniske øyane eller å frakte soldatar via Hellas til Peloponnes, og på grunn av desse suksessane vart grekarane oppmuntra til å samarbeide med dei mot osmanarane.

Erobringa av Morea Etter å ha sikra bakpartiet året før, vende Morosini seg mot Peloponnes, der grekarane, særleg maniotane, hadde byrja å syne teikn på opprør og kommuniserte med Morosini, med lovnad om å støtte han. Ismail Pasha, den nye militære kommandanten i Morea, fekk vite om dette og invaderte Mánihalvøya med 10 000 mann, forsterka tre fort som alt hadde garnison, og tvinga maniotane til å gje opp gislar for å sikre seg lojaliteten deira.Finlay, s. 211-212 Som følgje av dette føretok ikkje maniotane seg noko då den venetianske armeen den 25. juni 1685 gjekk i land utanfor det tidlegare venetianske fortet Koróni med 8100 mann og kringsette det. Borga overgav seg etter 49 dagar, den 11. august, og garnisonen vart massakrert. Etter denne suksessen, sende Morosini soldatane sine mot byen Kalamáta, for å oppfordre maniotane til opprør. Den venetianske armeen, forsterka av 3300 saksarar og kommandert av general Degenfeld, slo ein tyrkisk styrke på kring 10 000 mann utanfor Kalamáta den 14. september, og mot slutten av månaden var heile Mani og mykje av Messinía under venetiansk kontroll.History of the Hellenic Nation, s. 23Finlay, s. 213-214

mini|200px|Návplio, eller Napoli di Romagna, på midten av 1500-talet. I oktober 1685 trekte den venetianske armeen seg attende til Dei joniske øyane for vinteren, men det braut ut ein pest på øyane, noko som kom til å skje fast dei neste åra, og den venetianske armeen, særleg den tyske kontingenten, vart hardt råka. I april året etter var venetianarane med på å drive attende eit osmansk åtak som truga Mani, og vart forsterka frå Kyrkjestaten og Toscana. Den svenske marskalken Otto Wilhelm Königsmarck vart utpeikt som leiar for landstyrkane, medan Morosini kommanderte flåten. Den 3. juni tok Königsmarck Pýlos, og kringsette festninga i Navaríno. Forsterkingar under Ismail Pasha vart slått den 16. juni og dagen etter overgav fortet seg. Garnisonen og den muslimske folkesetnaden vart transportert til Trípoli.Finlay, s. 215-216 Methóni (Modon) følgde den 7. juli etter effektivt bombardement som øydela murane i fortet. Innbyggjarane her vart òg transporterte til Trípoli.Finlay, s. 216 Venetianarane rykte så fram mot Árgos og Návplio, som då var av dei viktigaste byane på Peloponnes. Den venetiansk armeen, kring 12 000 mann, gjekk i land kring Návplio mellom 30. juli og 4. august. Königsmarck gjekk med ein gong til åtak på åsen Palamídi, som var utan forsvarsverk, oppfor byen. Trass i at venetianarane klarte å ta Palamídi, nådde ein 7 000 mann stor osmansk arme under Ismail Pasha Árgos og gjorde stillinga deira vanskeleg. Det første åtaket til venetianarane mot støttearmeen gjorde at dei klarte å ta Árgos og tvinga pasjaen til Korint. Men i to veker frå 16. august vart Königsmarck tvungen til å kontinuerleg drive åtaka til Ismail Pasha bort, kjempe mot utfalla frå den kringsette osmanske garnisonen, samtidig som styrkane hans vart råka av eit nytt pestutbrot. Den 29. august gjekk Ismail Pasha til åtak på den venetianske leiren, men vart grundig slått. Med tapet av støttearmeen, vart Návplio tvungen til å overgje seg den 3. september.Finlay, s. 218 Meldingar om denne store sigeren vart møtt med glede og feiring i Venezia. Návplio vart den store basen til venetianarane, medan Ismail Pasha trekte seg attende til Akhaía etter å ha forsterka garnisonane i Korint, som kontrollerte passasjen til det sentrale Hellas.History of the Hellenic Nation, s. 24

Trass i at styrkane til Morosini vart råka av pest hausten og vinteren 1686, vart dei forsterka av eit nytt tysk korps av leigesoldatar frå Hannover våren 1687. Med denne forsterkinga klarte han å gå imot den siste store osmanske bastionen på Peloponnes, byen Pátra og fortet i Río i Hellas, som i lag med fortet i Andírio kontrollerte inngangen til Korintbukta («vesle Dardanellane»). Den 22. juli 1687 gjekk Morosini med ein styrke på 14 000 mann i land utanfor Pátra, der den nye osmanske kommandanten, Mehmed Pasha, hadde etablert seg. Mehmed hadde ein om lag like stor arme, og gjekk til åtak på den venetianske styrken så snart dei gjekk i land, men vart slått og tvungen til å gjere retrett. På dette tidspunktet spreidde panikken seg hos dei osmanske styrkane og venetianarane klarte i løpet av eit par dagar å ta citadellen i Pátra og forta i Río, Andírio og Návpaktos (Lepanto) utan motstand, sidan garnisonane var tomme. Dette førte til ny glede i Venezia og stor ære for Morosini og offiserane hans. Morosini fekk sigerstittelen «Peloponnesiacus», og ei bronsebyste av han vart plassert i Storhallen, noko som aldri før var gjort for ein levande borgar.Finlay, s. 220 Venetianarane følgde opp denne suksess med å redusere dei siste osmanske bastionane på Peloponnes, inkludert Korint, som vart okkupert den 7. august,Finlay, s. 221 og Mystrás, som overgav seg seinare same månad. Peloponnes var under total venetiansk kontroll, og berre forta i Monemvasiá (Malvasia) søraust heldt fram motstanden, og heldt ut til 1690.History of the Hellenic Nation, s. 25-26

Felttoget mot Aten og Negropont

mini|200px|Stikk som syner den venetianske omleiringa av Akropolis i Aten i september 1687. Trajektorien til granaten som trefte Parthenon og førte til at denne eksploderte er markert.

Etter desse sigrane hadde reinska Peloponnes for tyrkiske styrkar, valde Morosini å fortsetje inn i Sentral-Hellas, særleg mot dei osmanske skansane i Thíva og Khalkída (Negropont). Så den 21. september 1687, gjekk armeen til Königsmarck, med 10 750 mann, i land ved Elevsína, medan den venetiansk flåten gjekk inn til Pireus. Tyrkarane evakuerte raskt Aten, men garnisonen og mange av innbyggjarane trekte seg attende til den gamle Akropolis. Den venetiansk armeen kringsette Akropolis dei neste seks dagane (23.-29. september) og øydela mykje av dei gamle monumenta. Osmanarane øydela først tempelet til Athena Nike for å reise eit kanonbatteri, men den viktigaste øydelegginga var av Parthenon. Tyrkarane nytta tempelet som ammunisjonslager og då ei granat trefte bygningen kvelden den 26. september 1687, førte eksplosjonen til at taket og dei fleste veggane av tempelet vart øydelagde.History of the Hellenic Nation, s. 27-28 Trass i dei enorme øydeleggingane som eksplosjonen førte ti og dei 200 mennene som mista livet, heldt tyrkarane fram å forsvare fortet fram ein osmansk støttestyrke frå Thíva vart driven attende den 28. september. Garnisonen kapitulerte med vilkår om at dei skulle verte transporterte til Smyrna.Finlay, s. 223

Trass i at Aten fall, var ikkje stillinga til Morosini sikker. Osmanarane samla ein arme ved Thíva og kavaleriet deira kontrollerte effektivt Attikí, og venetianarane måtte helde seg kring Aten. I desember reiste ein 1400 mann stor kontingent frå Hannover heim att, og styrken vart noko ein gong råka av pest på vinteren.Finlay, s. 224 Venetianarane vart derfor tvungen til å trekkje seg attende til Peloponnes i april. Venetianarane tok med seg mange monument, som Pireusløva, som i dag står ved inngangen til Det venetianske arsenalet. Då Morosini trekte seg bort, flykta fleire tusen grekarar, som frykta hemn frå tyrkarane, til Peloponnes og naboøyane.History of the Hellenic Nation, s. 29

mini|200px|Venetiansk medalje frå 1688, slått til ære for erobringa til Morosini av Morea og at han vart vald som Doge av Venezia