mini|Mack-bryggeriet i Tromsø, 2010. mini|Arctic beer fra Macks Ølbryggeri.
L. Macks Ølbryggeri med plasseringa si på Tromsøya det nordlegaste bryggeriet i verda. Mack tok i mai 2011 til å bygge ny fabrikk i NordkjosbotnDet første gravetaket for ny fabrikk|http://www.nye-troms.no/nyhet.cfm?nyhetid=6996 , og vil flytte produksjonen dit. Bryggeriet vart grunnlagt i 1877 av Ludwig Markus Mack. Korrekt namn er AS L. Macks ølbryggeri og mineralvannsfabrikk. Då det stod ferdig i 1877 hadde det kosta 72 000 kroner.Mack om eiga historie|http://mack.no/om-mack
Macks Ølbryggeri har i Tromsø ein eigen pub i bryggeriet som bli kalla for Ølhallen. Det er den eldste puben i Tromsø. Mack var det første bryggeri i Noreg som lanserte eit sesongøl utanom juleøl. Den 10. desember 2000 starta Nordkapp Mikrobryggeri i Honningsvåg produksjon av eige øl, dette var fram til 1. oktober 2009 det nordlegaste bryggeriet, men vart då nedlagt.
Selskapet Selskapet blir leida av administrerande direktør Harald Bredrup. Eigarselskapet i konsernet er Ludwig Mack as som er morselskap i Mack Ølbryggeri as og Mack Eiendom as. Ein stor del av aksjane er eigd av Ludwig Macks etterkommarar. Selskapet omsette for 524 millionar kroner inkludert avgifter i 2006Dagens Næringsliv Mack reddet av biomedisin 15.05.2007. Selskapet har ca. 130 tilsette. Etter eit større underskott i 2002, måtte Mack-konsernet selje ut fiskerirelatert verksemd frå dotterselskapet Mackzymal og vart igjen eit reint bryggeri, med ein stor eigedomsmasseDagens Næringsliv 21.05.2005. I mars 2008 offentleggjorde selskapet planar om å flytte produksjonen til Nordkjosbotn i Balsfjord kommune, etter over 130 års drift i Tromsø sentrum.
Ølsortar Mack pilsner - ein pilsner med relativt mykje malt Haakon - ein kraftigare pils som har vunne fleire prisar. Arctic Beer - ein litt lysare pilsner enn Mackøl Arctic Beer XMAS (juleøl lansert i 2011) Mack Isbjørn - ein såkalla "ice" Mack Ludwig Bayer - Bayer Mack Ludwig Pale Ale Mack Ludwig Brown Ale Mack Ludwig Hvete Mack Freeze - Alkoholfritt øl Mack Mørketidsøl Mack Fatøl Mack SMRPRTY - SMS-språk for "Summer party" Mack Sommerøl Mack XMASPRTY - Juleøl - SMS-språk for "Christmas party" Mack Gull - Lyst sterkøl Mack Bokøl - mørkt kraftig øl 6.5% Mack Høstøl - litt mørkt øl som passar til sesongen Mack Vårøl Mack Fluid - Macks nye trendøl Mack Afterski (lansert januar 2008, som det tredje ølet i party-serien)
Emballasjedesign Emballasjeløysninga for Mack SMRPRTY vart tildelt Merket for God Design fra Norsk designråd i 2004. Oppfølgjaren, XMASPRTY, vart lansert i 2006.
Brussortar Mack Brus med sitronsmak Mack Grapesoda Mack Julebrus Rødebillys Rødbrus Fruktsjimpanse Bad Limes
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mack bryggeri» frå , den 27. desember 2011.
Bakgrunnsstoff
Mackølets venner
Kategori:Norske bryggjeri Kategori:Næringsliv i Tromsø Kategori:Skipingar i 1877