Steinar Bråten () frå Drangedal er ein tidlegare skihoppar. Han vann Holmenkollrennet i 1983, og deltok under Vinter-OL 1984. Han var medlem av Rennebu Idrettslag fram til 1985, sidan av Sportsklubben Freidig.

Karriere Bråten debuterte i verdscupen under opningsrennet til den tysk-austerrikske hoppveka 1982/83 med ein femteplass. I det neste verdscuprennet, nyttårsrennet i Garmisch-Partenkirchen, kom han på andreplass. Totalt i hoppveka kom han på femteplass. I mars månad vann han sin fyrste og einaste verdscupsiger då han vann hopprennet i Holmenkollen. Under skiflygings-VM 1983 i Harachov fall han stygt. Samanlagd vart han nr 6 i verdscupen 1982/83.

I 1984-sesongen klarte han ikkje å hevde seg internasjonalt. Han fekk plass i OL-troppen til Sarajevo, etter å ha vunne bronsen under NM i normalbakken. Han deltok i OL i normalbakken, der han kom på 18. plass. Bråten fekk sidan få sjansar i internasjonale renn og gjorde seg lite gjeldande. Ein einsleg tredjeplass i eit renn i Japan i 1987 var det einaste der han utmerkte seg.

Bråten la opp som skihoppar i 1988, og har sidan tidvis vore knytt til det norske hoppmiljøet som trenar og forskar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1983: Siger i Holmenkollen. Nr 2 i Garmisch-Partenkirchen og nr 3 i Lake Placid 1983/84: Nr 8 i Thunder Bay. # Nr 18 i normalbakken under OL i Sarajevo 1985: Nr 8 i Cortina d'Ampezzo 1987: Nr 3 i Sapporo 1988: Nr 14 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1983: Nr 6 i normalbakken i Mo i Rana Ski-NM 1984: Bronsemedalje i normalbakken på Kongsberg Ski-NM 1985: Nr 4 i normalbakken i Bardu Ski-NM 1987: Nr 4 i normalbakken i Sprova Ski-NM 1988: Nr 6 i normalbakken i Skien

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Steinar Bråten i fis-ski.com Steinar Bråten i olympedia.org

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1984 Kategori:Folk frå Drangedal