Imboden (retoromansk Plaun) er eit landskap og eit forvaltnigsdistrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Landskapet ligg i åmotet mellom Vorderrhein og Hinterrhein, som dannar Rhinen i kommunen Tamins. Imboden ligg såleis ved inngangen til dalane Surselva i vest og Hinterrheindalen (Sutselva) i sør. Imboden grensar til kantonane Glarus og St. Gallen i nord. Fjellkjeda Glarus-Alpane set stopp for direkte trafikksamband til dei to kantonane.
Imboden har eit areal på 203 km² og 17 700 innbyggarar. Talemålet i distriktet har i stor utstrekning vore retoromansk heilt til siste halvdelen av 1900-talet (46 % i 1980, 29 % i 1990). Sjølv om ein stor del av befolkninga forstår retoromansk, har einast 9 % behalde det som førstespråk. Dei fleste, 80 %, har i dag tysk som førstespråk. Fire prosent snakkar italiensk.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Imboden består av to krinsar (Kreise) og sju kommunar (Gemeinden), som har stor grad av politisk sjølvstyre. Desse er:
Kreis Rhäzüns / Circul da Razén Namn Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Bonaduz 14 2592 88 % 5 % 2 % Domat/Ems 24 6896 73 % 11 % 7 % Rhäzüns 13 1220 79 % 10 % 3 % Heile krinsen 51 10708 77 % 9 % 5 %
Kreis Trins / Circul da Trin Namn Areal(km²) Folketal Språk tysk ret. ital. Felsberg 13 2051 92 % 3 % 1 % Flims 51 2605 80 % 7 % 2 % Tamins 41 1163 88 % 4 % 3 % Trin 47 1142 73 % 20 % 3 % Heile krinsen 152 6961 84 % 7 % 2 %
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Imboden» frå , den 10. januar 2012.
Kategori:Distrikt i Graubünden