Heinrich Böll () var ein tysk forfattar og omsettar.
Han blir rekna som ein av dei viktigaste tyske etterkrigsforfattarane og fekk i 1972 Nobelprisen i litteratur «för en diktning som genom sin förening av tidshistorisk vidsyn och ömsint gestaltningsförmåga verkat förnyande inom tysk litteratur.»"for his writing which through its combination of a broad perspective on his time and a sensitive skill in characterization has contributed to a renewal of German literature".Nobeltildelinga 1972, nobelprize.org
mini|Signaturen til Heinrich Böll
Liv Ungdoms- og krigstid (1917–1945) Heinrich Böll sine foreldre var Maria Hermann og tømmermannen Viktor Böll. Heinrich var faren sitt åttande barn og tredje son; Maria var den andre kona hans. Den småborgarlege familien Böll var katolikkar med ei avvisande haldning til nasjonalsosialistane.
Böll gjekk på den katolske folkeskolen Raderthal frå 1924 til 1928 og tok deretter til på den statlege humanistiske Kaiser-Wilhelm-Gymnasium. Etter eksamen artium i 1937 gjekk han i bokhandlarlære hos bokhandelen Mathias Lempertz i Bonn, men avbraut læretida etter elleve månader. Dei første forsøka på å skrive litteratur kom på denne tida. I 1938 måtte Heinrich Böll gjere arbeidsteneste (Reichsarbeitsdienst) for nazistane i eit år. Sommaren 1939 starta han opp eit studium i germanistikk og klassisk filologi ved Universität zu Köln, og skreiv sin første roman, Am Rande der Kirche. På seinsommaren blei han innkalla til militæret og måtte etter det gjere soldatteneste i Wehrmacht til april 1945, då han hamna i amerikansk krigsfangenskap. I september same år blei han sett fri.
Under ein ferie frå fronttenesta i 1942 gifta Böll seg med læraren og seinare oversettaren Annemarie Čech som han hadde kjent i lang tid. Den første sonen deira, Christoph, døydde i 1945, same året som han blei fødd. Sønene Raimund, René og Vincent blei fødde i 1947, 1948 og 1950.
Under andre verdskrigen bad han i brev til foreldra ved fleire høve om å sende Pervitin (metamfetamin), eit stoff som i stort omfang blei delt ut til soldatane for å dempe dødsangsten og auke aggressiviteten. Erik Eggers «Peppige Panzerschokolade». die tageszeitung 28. desember 2006 Böll skal òg etter krigen ha vore avhengig av stoffet.Grefe C, Soboczynski A. «Wo ist Böll?» Zeit Magazin Leben 2. august 2007
Litterær debut (1945–1950) Under krigen skreiv Böll hovudsakleg brev, men etterpå tok han til å skrive skjønnlitteratur igjen, samstundes som han tok ulike småjobbar. Han immatrikulerte seg på ny ved universitetet, men det var hovudsakleg for å få tildelt matsetlar. Kona Annemarie arbeidde som lærar og var på denne tida hovudforsørgaren i familien. Böll sin første etterkrigsroman, Kreuz ohne Liebe, kom ut i juli 1946 og dei første novellene blei gitt ut i tidsskrift i 1947. Han skreiv på denne tida ein type tysk etterkrigslitteratur som blei kalla Trümmerliteratur («ruinlitteratur»); den var stort sett skriven av debuterande forfattarar, attvendte soldatar og tidlegare krigsfangar som skreiv om korleis dei opplevde å sjå landet sitt og idealane sine ligge i ruinar – og den tilhøyrande skuldkjensla. Sentrale tema hos Böll var krigserfaringane og den skeive samfunsutviklinga i Tyskland i tida etter krigen. Nokre av dei beste novellene hans kom i samlinga Wanderer, kommst du nach Spa... (1950) og la grunnen for Böll sitt ry som novelleforfattar. Andre noveller frå dei første etterkrigsåra kom i dels omarbeidd form i samlinga Die Verwundung (1983).
Viktige kjelder for denne tida er den posthumt publiserte korrespondansen med den nære venen, forfattaren Ernst-Adolf Kunz, som han blei kjend med i krigsfangenskap i Frankrike (Die Hoffnung ist wie ein wildes Tier, Kiepenheuer 1994, dtv 1997).
Hovudverka (1951–1971) Den første store triumfen til Heinrich Böll var debuten hos Gruppe 47 i mai 1951. Rett nok hadde han allereie gjeve ut nokre verk, men ingen av desse blei møtt med spesielt stor merksemd. Alfred Andersch tok initiativet til å invitere Böll til Gruppe 47 sitt sjuande møte som fann stad i Bad Dürkheim. Böll las satiren Die schwarzen Schafe og vann mot Milo Dor med knappast mogleg margin Preis der Gruppe 47 og dei tilhøyrande 1000 DM i prispengar, pluss eit forfattaroppdrag hos forlaget Kiepenheuer & Witsch.Rudolf Walter Leonhardt: «Ein Blick zurück in Liebe». I Die Zeit 19. desember 1997 Åra etter var dei mest produktive i livet til Heinrich Böll, med til dømes Wo warst du, Adam? (1951), Und sagte kein einziges Wort (1953), Haus ohne Hüter (1954), Irisches Tagebuch (1957), Doktor Murkes gesammeltes Schweigen und andere Satiren (1958), Billard um halbzehn (1959), Ansichten eines Clowns (1963) og Ende einer Dienstfahrt (1966).
Offentleg person og samfunnsengasjement (frå slutten av 1960-åra) mini|upright|Byste av Heinrich Böll, gjort av Wieland Förster Under kanslertida til den konservative Adenauer profilerte Böll seg som motparten hans. I 1970 blei han utnemnd til president i PEN-klubben i Tyskland (til 1972) og kort tid seinare til president i den internasjonale PEN-klubben, eit verv han hadde til 1974.
I 1972, året han fekk Nobelprisen i litteratur, stelte Böll i stand ei politisk skandale i Tyskland da han skreiv eit essay for Der Spiegel der han omhandla RAF-terroristen Ulrike Meinhof sin person og liv, og gjekk til kraftig åtak på Springer-pressa. Spiegel-redaksjonen endra mot Böll sin uttrykkelege vilje tittelen til Will Ulrike Gnade oder freies Geleit?. Böll hevda at ved å berre brukte fornamnet «Ulrike» kunne det verke som han hadde eit nært personleg kjennskap til henne, noko som korkje var tilfelle eller i samsvar med forfattaren sine intensjonar, og ikkje heller formidla i teksten.Heinrich Böll: Werke. Kölner Ausgabe, Band 18. Kiepenheuer & Witsch 2003. ISBN 3-462-03260-7. s. 454 f. Etter dette rekna konservative krinsar Böll som ein «geistiger Sympathisant» med terrorisme og det leid han under. Styresmaktene trudde han var truande til å skjule RAF-medlemar heime hos seg, og 1. juni 1972 blei heimen til familien utsett for ei stor husgransking som Böll klaga over i eit brev til forbundspresident Hans-Dietrich Genscher. Korleis og av kor mange huset blei undersøkt var det usemje om, men filosofen Robert Spaemann som var på besøk same dag stadfesta at han såg fleire tungt væpna politifolk under aksjonen.Rober Spaemann: «Kaffee, Kuchen und Terror», Die Zeit 19/1998
I 1974 kom det så langt mest kjende verket til Böll, Die verlorene Ehre der Katharina Blum som skildrar valdsdebatten på 1970-talet, og er særs kritisk til Springer-pressa. Forteljinga er fram til 2007 blitt selt i nesten seks millionar eksemplar berre i Tyskland og er omsett til over 30 språk – på norsk som Katharina Blums tapte ære. Den konservative pressa utsette boka for kraftig kritikk og hevda, heilt mot boka sitt hovudpoeng, at den var ei rettferdiggjering av terroristisk vald; ein av dei var den seinare forbundspresidenten Karl Carstens.Klaus Staeck: «Er fehlt!» Berliner Zeitung, 22. juli 2010
Åra som følgde arbeidde Heinrich Böll i aukande grad med politiske problem heime i Tyskland og i andre land som Polen og Sovjetunionen,«Heinrich Böll in der Sowjetunion» av Peter Bruhn og Henry Glade og kritiserte dei heftig. Dei sovjetiske dissidentane Aleksandr Solzjenitsyn og Lev Kopelev var gjester i huset hans. Konfliktar i Sør-Amerika engasjerte han seg òg i, og på slutten av 1970-åra støtta han hjelpeaksjonar for dei vietnamesiske båtflyktningane. Han var òg svært kritisk til den katolske kyrkja og melde seg ut i 1976, utan at han dermed slutta å vere ein truande. Böll støtta fredsrørsla sine aksjonar mot dobbeltvedtaket til NATO og deltok i 1983 på ein sitt-ned-blokade ved Mutlangen der dei første Pershing-II-rakettane skulle stasjonerast.
Det siste verket til Böll er Frauen vor Flußlandschaft (1985), eit på ingen måte flatterande minnesmerke over byen Bonn, den tyske forbundshovudstaden frå 1949 til 1989.
Sjukdom og død mini|upright|Gravkrossen til Heinrich Böll i Merten Heinrich Böll røykte mykje og blei på 1970-talet operert i det høgre beinet. I byrjinga av juli 1985 blei han innlagt på eit sjukehus i Köln for omfattande operasjonar og kom tilbake til heimen sin i Langenbroich i Voreifel den 15. juli. Her døydde han om morgonen dagen etter. Tre dagar seinare blei han gravlagd i Merten ved Köln i henhald til dei katolske ritene. Ein katolsk prest som var ven av familien stod for gravferda, men trass hardnakka rykter hadde ikkje Böll vendt tilbake til kyrkja. Mange politikarar og kolleger var til stades under gravferda, det var òg den dåverande forbundspresidenten Richard von Weizsäcker, eit teikn på kor stor den offentlege interessa var for Böll sin person.
Ettermæle Romanen Der Engel schwieg, med ei handling som utspelar seg i etterkrigstida, blei først gjeven ut i 1992. Manuskriptet er frå 1949, men blei refusert av forlaget Friedrich Middelhauve, og forfattaren fekk sjølv berre publisert delar av romanen i form av noveller. Fleire noveller som aldri blei publisert i levetida til Böll kom ut i samleverket Der blasse Hund (1995), her finn ein òg ein førkrigstekst. Den første etterkrigsromanen til Böll, Kreuz ohne Liebe kom ut i 2002 i samband med utgjevinga av dei samla verka hans (Kölner Böll-Ausgabe). Handlinga utspelar seg dels før, dels under den andre verdskrigen.
Fleire institusjoner bèr namnet til forfattaren, til dømes Heinrich-Böll-Stiftung og Heinrich-Böll-Archiv, sistnemnde er eit dokumentasjons- og informasjonsenter over Böll sitt liv og virke. Hytta til Böll på Achill Island på vestkysten av Irland er gjestehus for internasjonale og irske artistar, og sommarhuset i Langenbroich tener som tilfluktsstad og stipendiatstad for forfattarar og kunstnarar frå heile verda. Ei rekke skolar har òg fått namn etter diktaren og byen Köln har sidan 1985 delt ut Heinrich-Böll-Preis for gode bidrag til den tyskpråklege litteraturen.
Verk Originalutåver og norske omsetjingar Der Mann mit den Messern, kortroman. Kassel 1948. Der Zug war pünktlich, forteljing. Verlag Friedrich Middelhauve, Opladen 1949. Til norsk 1960: Toget var i rute. Wanderer, kommst du nach Spa, noveller. Middelhauve, Opladen 1950 Die schwarzen Schafe, kortroman. Middelhauve, Opladen 1951 Wo warst du, Adam?, roman. Middelhauve, Opladen 1951. Til norsk 1960: Hvor var du, Adam?. Nicht zur Weihnachtszeit, humoristisk forteljing. FVA, Frankfurt am Main 1952 Die Waage der Baleks, kortroman. F.A.Z. 1953 Und sagte kein einziges Wort, roman. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1953. Til norsk 1957: Og sa ikke et eneste ord. Haus ohne Hüter, roman. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1954. Nyaste utgåve dtv, München 2010. 16. opplag. ISBN 978-3-423-01631-5 Das Brot der frühen Jahre, forteljing. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1955. Nyaste utgåve dtv, München 2008. 23. opplag. ISBN 978-3-423-01374-1 Irisches Tagebuch. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1957. Nyaste utgåve dtv, München 2009. 57. opplag. ISBN 978-3-423-00001-7. Til norsk 1973: Irsk dagbok. Im Tal der donnernden Hufe, forteljing. Insel Verlag, Wiesbaden 1957. Die Spurlosen, høyrespel. Etterord av Rudolf Walter Leonhardt. Bredow-Institut (Hörwerke der Zeit 9), Hamburg 1957 Der Bahnhof von Zimpren, kortroman. Die Zeit 1958 Doktor Murkes gesammeltes Schweigen und andere Satiren. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1958 Billard um halbzehn, roman. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1959. Nyaste utgåve dtv, München 2009. 29. opplag. ISBN 978-3-423-00991-1. Til norsk 1960: Biljard klokken halv ti. Ein Schluck Erde, drama. (UA Düsseldorf 1961.) Forord av Joachim Kaiser. Kiepenheuer & Witsch (Collection Theater 3), Köln 1962 Als der Krieg ausbrach. Als der Krieg zu Ende war, to forteljingar. Insel Verlag, Frankfurt am Main 1962 (IB 768) Ansichten eines Clowns. Roman. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1963. Nyaste utgåve dtv, München 2009. 54. opplag. ISBN 978-3-423-00400-8 Entfernung von der Truppe. Forteljing. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1964. Nyaste utgåve dtv, München 1992. ISBN 978-3-423-11593-3