Swahili (kiswahili på swahili) er eit bantuspråk snakka over store område i Aust-Afrika. Etter Guthrie-klassifiseringa har det nummer G40, dvs. det høyrer til sone G av bantuspråka. Det er morsmål for dei ca. 5 millionar swahiliane, som lever langs ei 1500 km. lang kyststripe frå det sørlege Somalia til det nordlege Mosambik. I tillegg er swahili andrespråk for omtrent 50 millionar talarar, det har vorte lingua franca for Aust-Afrika.

Klassifisering

Geografisk område

Offisiell status Swahili er offisielt språk i Tanzania og Kenya. Tanzania er i tillegg til Etiopia eit av landa som i størst grad har ført ein språkpolitikk til fordel for eit afrikansk språk. Til skilnad frå mange andre afrikanske land, som har ført ein språkpolitikk som har favorisert dei tidlegare kolonispråka.

Dialektar

Lydsystem Lydsystemet i swahili er i høve til mange andre afrikanske språk ukomplisert. Det er få lydar som blir rekna som vanskelege å uttale for nordmenn, og ord blir skrive som dei uttalast. Kvar bokstav skal uttalast for seg. Trykket er på nest siste staving i praktisk talt alle ord og konstruksjonar, og trykket flytter bakover seg dersom suffiks blir lagt til. Swahili nyttar 24 av dei latinske bokstavane, dei nyttar ikkje q, x, æ, ø og å.

Vokalar Swahili har fem vokalar; a (IPA ɑ), e (e), i (i), o (ɔ), u (u) og y (y). To vokalar etter kvarandre i skrive svahili blir uttalt separat. Det er i prinsippet ingen diftongar.

Konsonantar

bilabial labio-dental dental alveolar post-alveolar palatal velar plosiv p [] t [] k [] affrikat c [] frikativ f [] th [] dh [] s [] z [] sh [] h [] gh [] flapp r [] nasal m [] n [] ny [] ng' [] approksimant w [] y [] lateralapproksimant l [] implosiv b [] d [] j []g [] Merknad: Viss det står to lydar i ei celle i tabellen, er den til venstre ustemd og den til høgre stemd.

Grammatikk

Swahili er, som alle bantuspråk, eit agglutinerande språk. Morfologien er dominert av prefiksering.

Substantivbøying

Verbbøying

Verba er bøygd i tempus, aspekt, og person og tal for både subjekt og objekt. I tillegg er det bøygd for polaritet, dvs. at det er ulike verbformer alt ettersom setninga er positiv («ja») eller negativ («nei»). I norsk blir negativ polaritet uttrykt med adverbet ikkje, i swahili med verbprefikset -ha-. Døme: ni-na-ruka «1Sg-presens-hoppe» «eg hoppar», ni-li-ruka «1Sg-preteritum-hoppe» «eg hoppa».

Ordforråd Lånord Swahili har fått mange arabiske lånord frå kontakt og innvandring frå Arabia. Den portugisiske og seinare engelske kolonialiseringa av swahiliske hovudområde har også ført med seg mykje ord frå desse språka.

Genussystem Swahili har 15 genera, eller substantivklassar. Klasse 1/2, sg. m-, pl wa- (etter Carl Meinhof sitt klassifiseringssystem) er for ord for personar. Klasse 3/4 (sg. m-, pl. mi-) er for ord for tre, plantar, natur, kroppsdelar, menneskeleg aktivitet. Klasse 5/6 (sg. ji-, pl. ma-) er for ord for frukt, uteljelege objekt, objekt frå kvardagslivet, personar, augmentativar, opphavleg arabiske ord. Klasse 7/8 (sg. ki-, pl. vi-) er for kvardagslege objekt, dyr, kroppsdelar, personar, diminutivar, språk Klasse 9/10 (sg.=pl. Ø- eller N-) er for abstrakte og konkrete ting, personar, dyr, naturlege fenomen, framande ord Klasse, 11,14/10 (sg. u-, pl. Ø-) er substantiv for objekt, og for einskilde abstrakte substantiv. Klasse 15 (sg. u-, pl. Ø- eller sg. w-, pl.= N-), substantiverte verb. Klasse 16, 17, 18 (pa- ku- m-). Eit substantiv, til bruk i lokative konstruksjonar.

Skriftsystem Swahili har historisk vorte skrive med det arabiske alfabetet, men blir no skrive med det latinske alfabetet. Q og x blir ikkje nytta i swahili.

Historie

Swahili vart opphavleg snakka på Zanzibar, men har vorte spreidd til fastlandet.

Bakgrunnsstoff

Chiraghdin, Shihabuddin and Mathias Mnyampala. Historia ya Kiswahili. Oxford University Press. Eastern Africa. 1977. ISBN 0-19-572367-8 Marshad, Hassan A. Kiswahili au Kiingereza (Nchini Kenya). Jomo Kenyatta Foundation. Nairobi 1993. ISBN 9966-22-098-4 Strandskogen, Åse-Berit 1970: Tuseme Kiswahili : an audio-visual method. Oslo : Fabritius. The UCLA Language Materials Project Ethnologue report on Swahili Online Swahili - English Dictionary Swahili - English Dictionary Kamusi Project Internet Living Swahili Dictionary A New Swahili Language Method For Beginner Students

Kategori:Agglutinerande språk Kategori:Bantuspråk Kategori:Handelsspråk Kategori:Språk i Tanzania Kategori:Språk i Kenya Kategori:Språk i Somalia Kategori:Språk i Mosambik Kategori:Einskildspråk