Heidi Zurbriggen () frå Saas-Almagell i kantonen Valais i Sveits, er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann to VM-sølv i utfor og tre enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner. Pirmin Zurbriggen er ein eldre bror. Karriere Aktiv Zurbriggen kom første gongen på pallen i verdscupen 12. desember 1986 då ho kom på tredjeplass i utfor i Val-d’Isère. I desember 1987 vart ho skadd under trening og mista resten av sesongen. Under verdsmeisterskapen i alpint 1989 i Vail kom ho på fjerdeplass i utfor, fire hundredels sekund bak bronsevinnaren.
Under VM i alpint 1996 i Sierra Nevada fekk Zurbriggen sølvmedalje i utfor bak Isolde Kostner. 6. mars 1996 vann ho sin første av totalt tre sigrar i verdscupen, då ho vann i utforløypa i Kvitfjell i Øyer. Ho tok endå eit VM-sølv i utfor under VM i alpint 1997 i Sestriere, seks hundredelar bakom Hilary Lindh frå USA.
Zurbriggen la opp i 1997.
Sigrar i verdscupen Dato Sted Land Disiplin 6. mars 1996 Kvitfjell Noreg Utfor 11. januar 1997 Bad Kleinkirchheim Austerrike Utfor 23. januar 1997 Cortina d'Ampezzo Italia Utfor Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heidi Zurbriggen» frå , den 13. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
Nettstaden til Heidi Zurbriggen
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998