Charles Colbert, marquis de Croissy () var ein fransk statsmann og diplomat.
Som den eldre broren sin, Jean Baptiste Colbert, starta Colbert karrieren sin hos krigsminister Le Tellier. I 1658 vart han leiar av den nyskapte regionen Alsace, som nyleg var annektert av Frankrike. I 1662 vart han marquis de Croissy og président à mortier i parlementet i Metz. Etter fleire diplomatiske reiser til Tyskland og Italia vart han etter kvart diplomat på fulltid. I 1668 representerte han Frankrike på konferansen i Aix-la-Chapelle og same året vart han send til London som ambassadør, der han forhandla fram den endelege Dover-traktaten med Karl II. Han overtalte mellom anna Karl II til å erklære den tredje engelsk-nederlandske krigen mot Dei sameinte Nederlanda.
Forhandlingane i freden i Nijmwegen (1676–1678) styrkte ryktet hans som diplomat og Ludvig XIV gjorde han til statssekretær for utanrikssaker.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Charles Colbert, marquis de Croissy» frå , den 18. januar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Reims Kategori:Franske diplomatar