Alfred Nikolai Andersen-Wingar (fødd 15. oktober 1869 i Kristiania; død 21. april 1952 i Oslo) var ein norsk bratsjist, komponist og dirigent.
Andersen-Wingar studerte hos Johannes Haarklou i Kristiania og hos Jules Massenet og André Gedalge i Paris. Opphavleg var han fiolinist, men skifta seinare over til bratsj og var bratsjist i Christiania Musikforening der han i 1911 til 1919 leia ein serie populære folkekonsertar med rimeleg inngangspris.
Han uttala sjølv at musikalsk var han mest påverka av Ludwig van Beethoven og Johan Svendsen, medan samtidige komponistar ikkje spelte nokon rolle for han. Som komponist var han ein representant for seinromantikken.
Verk i utval Til hovudverka sine rekna han symfoniane, operaene, fire orkestersuitar og orkester/klaverfantasien Aus Norwegens Berg und Thal. Fire symfoniar: A-dur, d-moll, g-moll og C-dur To operaer: Frithjof og Ingeborg og Die alte Methode Fire orkestersuiter: Les Naïades, Iraka, Douces Souvenances («Berceuse») og La Vie («Une petite suite») Fantasi over norske folketonar for orkester eller klaver: Aus Norwegens Berg und Thal (i norske program Fra Norges Fjeld og Dal) Ouverturar til Ibsen-stykka Hedda Gabler og Bygmester Solness To fiolinkonsertar Scenemusikk, mellom andre Orientalsk Intermezzo og til Vasantasena Ei rad songar. Arrangement Bearbeiding av Rektah, ein gamal indisk melodi Instrumentering av Crescendo (Per Lasson)
Referansar
Bakgrunnsstoff Kjell Bloch Sandved (hovudutgjevar), Sverre Hagerup Bull (hovudredaktør), Musikkens verden: familiens musikkbok, Musikkens verden A/S, Forlag, Oslo 1951 Tobias Nordlind: Allmänt Musiklexikon, Alfred A.-Wingår online. (Søk på «10. Alfred A.-W») Øyvin Dybsand, Kronologisk oversikt over Halvorsens liv og virke, med hovedvekt på konsertvirksomheten (pdf) henta 24. januar 2012
Kategori:Romantiske komponistar Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske dirigentar Kategori:Norske bratsjistar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Fødde i 1869 Kategori:Døde i 1952 Kategori:Fødde den 15. oktober Kategori:Døde den 21. april