256px|mini|Frå Roskildefestivalen 2003. Roskilde Festival er ein av dei største årlege musikkfestivalane i Europa. Festivalen vert oftast arrangert i slutten av juni og byrjinga av juli like utanfor byen Roskilde, som ligg om lag 36 km sørvest for København.

Festivalen vart første gong arrangert i 1971 av dei to studentane Mogens Sandfær og Jesper Switzer Møller, saman med marknadsføraren Carl Fischer. Den gongen var hippiar målgruppa, men etter at Roskilde Foundation tok over arrangementet i 1973 vart målgruppa etterkvart utvida til å gjelde ungdom generelt frå heile Europa, sjølv om festivalen framleis legg hovudvekta på rock (og pop).

Festivalen og området Festivalområdet dekkjer jordbruksland på heile 1 266 150 m², og av dette er dei kompakte teltbyane dei som tek opp mest plass med sine 770 000 m². Sceneområdet er på 162 000 m².

Musikken Festivalen er i hovudsak ein rockefestival som kvart år har store, kjende pop- og rock-artistar som trekkplaster. Likevel legg arrangørane vekt på å gje mindre band frå heile verda ein sjanse til å profilere seg gjennom sceneoppvisingar. Musikksjangrane kan variere frå heavy metal via massingkorps og storband til opera (i 2004 spelte Den Kongelege Danske Opera på Den Oransje Scena)

Festivalmedia Festivalavisa Festival Globe vert årleg publisert i heile teltleiren frå dei første telta vert slått opp i byrjinga av veka. Ho endra namn frå Roskilde Daily i 2002, og ho vert no gjeven ut i samarbeid med redaksjonen i gratisavisa MetroXpress. Avisa inneheld dagens program, konsertmeldingar frå gårsdagen og intervju og bilete av festivaldeltakarar som peikar seg ut på eit eller anna vis.

På 89,6 MHz vert det og sett opp ein eigen radiostasjon i tida før, under og like etter festivalen; FestivalRadio. Radioproduksjonen føregår i samarbeid med dei danske studentradioane. Difor vert FestivalRadio sendt i staden for det vanlege sendeprogrammet på radiokanalen XFM Lyngby og studentradioane i København, Århus, Odense og Aalborg. I sendingane til FestivalRadio kan ein høyre morosame festivalhistorier, ta del i eit utal konkurransar og høyre på både (tidlegare) upublisert musikk og godt kjend musikk.

Mat, hygiene og slikt

Brenning av telt og møblar I løpet av åra har det utvikla seg ein tradisjon for å brenne teltet sitt etter avsluttingskonserten på søndagskvelden i løpet av festivalen. Denne tradisjonen har ført til at arrangørane har vore nøydde til å forby sofaer og liknande møblar m.a. av reine miljøhensyn.

Denne siste natta, når mange deltakarar allereie sit på toget heim, sit dei mest ivrige deltakarane rundt store fellesbål, medan andre spring til med telt og anna brennbart materiale frå campingområdet.

Denne kvelden er det ikkje ein god idé å la teltet stå igjen utan å legge fleire tunge gjenstandar inni...

Humanitært arbeid Roskildefestivalen har i dei seinare åra vorte driven av fleire tusen frivillige, medan overskotet går til humanitært arbeid over heile verda. Roskilde Foundation skal i følgje føremålsparagrafane spreie humanisme, og dei held kvart år ei eller fleire humanitære markering(ar) i løpet av festivalen.

Roskilde Foundation samarbeider tett med ungdomsorganisasjonen til den danske folkekyrkja når det gjeld dei humanitære prosjekta.

I 2005 skal overskotet nyttast til arbeid mot moderne slaveri.

I 2003 og 2004 stod konflikten mellom Israel og Palestina i sentrum, der dei første året hylla samarbeidet mellom dei to nasjonane. Det andre året kritiserte dei den muren mellom dei israelske busetnadene og palestinarane ved å bygge ein stor mur midt på festivalområdet, der deltakarar kunne skrive si meining.

Roskilde Foundation Roskilde Foundation er ein frivillig organisasjon med hovudføremål å utvikle og fremje musikk, kultur og humanisme. Desse føremåla sett eit sterkare og sterkare preg på festivalen, då det i dei seinare åra har vorte arrangert demonstrasjonar av ymse slag årleg på festivalen.

Eit døme på dette er demonstrasjonen mot den israelsk-palestinske muren i 2004. Dette året fekk Roskilde Festival mykje av æra for å ha aktualisert den store debatten over heile Europa, av di Roskilde Foundation bygde ein mur midt på festivalområdet, der deltakarane kunne skrive si meining.

Pearl Jam-ulukka i 2000 I 2000 vart Roskilde ramma av ei tragisk ulukke under ein Pearl Jam-konsert på den største scena, Den Oransje Scena. Konserten var utruleg populær, og arrangørane hadde ikkje rekna med so stort oppmøte på ein enkelt konsert. Tryggingstiltaka vart difor for dårlege. Fleire personar vart regelrett klemde i hel fremst ved scena, medan vokalisten i bandet prøvde å rope ut til publikummet bakover at dei ikkje måtte presse framover.

Hendinga førte til at leiinga i festivalen dei førstkommande åra nytta mykje av pengane som skulle gå til å kjøpe inn store artistar på å betre tryggleiken på festivalen.

Pearl Jam tok ein fleirårig turneringspause etter hendinga og har uttala at dei truleg aldri kjem til å spele på Roskilde igjen.

Statistikk År Deltakarar Betalande 1971 10 000 Alle 1989 56 300 Alle 1990 70 600 Alle 1991 60 500 Alle 1992 64 500 Alle 1993 76 500 Alle 1994 90,000 Alle 1995 111 000 90 000 1996 115 000 90 000 1997 115 000 90 000 1998 100 000 75 000 1999 96 000 71 000 2000 102 000 76 000 2001 92 000 64 000 2002 100 000 72 000 2003 107 000 77 000 2004 106 000 76 000

Andre danske festivalar Midtfyns Festival Langelands Festival Vig Festival Skanderborg Festival

Bakgrunnsstoff Offisiell side for Roskilde-festivalen Roskilde-festivalen forum Roskilde-festivalen 2004: Roskilde Festival pictures from 2004 Roskilde-festivalen 2005: Konsertomtale 1. dag: En fabelaktig åpningsdag Konsertomtale 2. dag: Herlig Sabbath Konsertomtale 3. dag: Nok en solskinnsdag på Roskilde Konsertomtale 4. dag: Verdig avslutning Roskilde Festival pictures from 2005 Roskilde-festivalen 2006: Konsertomtale 1. dag: Den totale konsertopplevelse , Gammel moro fra dEUS Konsertomtale 2. dag: Festivalens koseligste time, Søster Wainwright leverte , Sjarmerende opptreden, Vekkelsesmøte på Orange Scene Konsertomtale 3. dag: Dansk mørke på høylys dag Konsertomtale 4. dag: Feilberegnet Placebo Roskilde Festival pictures from 2006

Kategori:Roskilde Kategori:Festivalar i Danmark Kategori:Juni Kategori:Juli Kategori:Skipingar i 1971 Kategori:Rockefestivalar