Call of Duty: Modern Warfare 3 (forkorta til Call of Duty: MW3, eller berre MW3) er eit fyrstepersonsskytespel i Modern Warfare-serien. Det vart lansert den 8. november 2011 i Europa og Nord-Amerika på Microsoft Windows, Xbox 360, PlayStation 3 og Nintendo Wii, med ein eigen versjon for Nintendo DS utvikla av n-Space. Spelet er ein direkte oppfylgjar til Call of Duty: Modern Warfare 2 (2009), og er det åttande Call of Duty-spelet.

I løpet av november 2011 vart spelet gjeve ut i Australia, og i desember vart det gjeve ut ein japansk-dubba versjon i Japan. Innan 24 timar i sal, selde spelet 6,5 millionar eksemplar i USA og Storbritannia åleine og tente inn 400 millionar dollar, noko som gjer det til den største underhaldningslanseringa nokonsinne.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Call of Duty: Modern Warfare 3» frå , den 31. januar 2012.

Kategori:Dataspel frå 2011 Kategori:Skytespel i førsteperson Kategori:Dataspel frå Activision Kategori:PlayStation 3-spel Kategori:Xbox 360-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Wii-spel Kategori:Nintendo DS-spel