mini|Forhandlingane av freden i Karlowitz (merk korleis dei osmanske ambassadørane sit med beina i kross). mini|Kapela mira (Fredskapellet), der freden i Karlowitz vart forhandla. Freden i Karlowitz (Karlovci) vart signert den 26. januar 1699 i Sremski Karlovci (ein by i dagens Serbia), og avslutta den austerriksk-osmanske krigen 1683–1697 der osmanarane vart slått i slaget ved Zenta. Det markerte slutten på den osmanske kontrollen i det meste av Sentral-Europa og byrjinga på stagnasjonsfasen, samt at det oppretta Habsburgmonarkiet som den dominerande makta i Sentral- og Søraust-Europa.
Etter ein to månader lang kongress mellom Det osmanske riket på den eine sida og Den heilage ligaen av 1684, ein koalisjon av Det tysk-romerske riket, Det polsk-litauiske samveldet, Republikken Venezia og Peter I av Russland,Robert Bideleux, Ian Jeffries, s. 86. vart ein avtale signert 26. januar 1699. Habsburgmonarkiet fekk osmanske provinsen Egir, provinsen Varad, det meste av provinsen Budin, den nordlege delen av provinsen Temeşvar og delar av provinsen Bosnia.
Fyrstedømet Transilvania vart verande nominelt sjølvstendig, men vart underlagt det direkte styret til austerrikske guvernørar.
Venezia fekk det meste av Dalmatia i lag med Morea (Peloponneshalvøya i Sør-Hellas). Polen fekk attende Podolia, medan osmanarane fekk behalde Beograd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Treaty of Karlowitz» frå , den 2. februar 2012. oppgav desse kjeldene: Bideleux, Robert., Jeffries, Ian., A History of Eastern Europa: Crisis and Change, Routledge, New York, 1998 ISBN 0-415-16111-8
Karlowitz Kategori:Litauisk historie Kategori:Historia til Vojvodina Karlowitz Karlowitz Karlowitz Kategori:Serbisk historie Kategori:Islam i Europa Kategori:Osmansk Hellas Kategori:Osmansk Bosnia-Hercegovina Kategori:Osmansk Kroatia Kategori:Avtalar i 1699 Kategori:Habsburgske avtalar Kategori:Polsk-litauiske avtalar Kategori:Ungarsk historie Kategori:Historia til Dalmatia