Georges Schneider () var ein sveitsisk skirennar frå La Chaux-de-Fonds. Han vart verdsmeister i slalåm under VM 1950 i Aspen i Colorado i USA.

Schneider debuterte i store internasjonale meisterskap med ein 13. plass i slalåm under Vinter-OL 1948 i St. Moritz. To år seinare gjekk han heilt til topps i same øvinga under verdsmeisterskapen i Aspen i Colorado. Der vart han òg nummer fem i storslalåm. Same plassering i same øvinga fekk han under vinterleikane 1952 i Oslo, der han i utfor kom i mål som nummer ni. I dei to neste meisterskapane, VM i alpint 1954 i Åre og Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, enda han opp med høvesvis sjetteplass i storslalåm og femteplass i slalåm. I sitt siste store meisterskap, Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, hamna han langt nede på resultatlista etter utfortevlinga.

Seks gongar, 1951, 1952, 1954, 1956, 1957, 1958, vart Schneider sveitsisk meister i slalåm. I 1954 vann han også dei sveitsiske meisterskapane i storslalåm og i den alpine kombinasjonen.

Schneider la opp som aktiv alpinist i 1960, og var deretter trenar for det sveitsiske alpinlandslaget.

Han omkom i 1963 i ei jaktulykke i Oberrickenbach (Wolfenschiessen, Nidwalden).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Georges Schneider» frå , den 4. februar 2012.

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960