Luxembourg, offisielt Luxembourg, debuterte i Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits 24. mai 1956 med dei franskspråklege songane «Ne crois pas» og «Les amants de minuit», båe framført av Michèle Arnaud. Det vart ikkje arrangert nokon nasjonal uttaking i Luxembourg, og bidraga vart dimed vald internt av kringkastaren Télé-Luxembourg. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystegjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne. Vinnaren vart kåra av ein jury beståande av to delegatar frå alle deltakarlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Ein kunne òg røyste på sitt eige land.

Sjå òg Eurovision Song Contest 1956 Luxembourg i Eurovision Song Contest

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Luxembourg in the Eurovision Song Contest 1956» frå , den 4. februar 2012.

Kategori:Luxembourg i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest 1956 Kategori:1956 i Luxembourg