Sør-Varanger er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark fylke. Han grensar til Nesseby kommune i vest, til Petsjenga i Russland i aust og til Enare i Finland i sør.

Geografi Kommunesenteret ligg på Kirkenes, der det bur om lag 3 500 ibuarar. Kirkenes er ein av dei største byane i Finnmark, og er vendepunkt for Hurtigruta og E6. I kommunen er det òg mellomriksveg til Russland og Finland, med tollstader på Storskog (Russland) og Neiden (Finland). Kommunen har eigen flyplass med direkteflygingar til Oslo (Gardermoen), og elles til flyplassar i Finnmark og Troms.

Klimaet i Sør-Varanger er subarktisk, eit tørt innlandsklima prega av kalde vintrar og relativt varme somrar.

Tettstader i kommunen Bjørnevatn - Hesseng - Kirkenes -

Andre stader i Sør-Varanger er Bugøyfjord, Bugøynes, Hesseng, Jarfjord, Neiden, Sandnes, Skogfoss og Svanvik.

Historie Folketalsutvikling Sør-Varanger var den største kommunen i Finnmark i folketal fram til 1967, då Alta kommune vart større.

Folketalsutvikling for Sør-Varanger kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Sør-Varanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 4876 7590 7993 8921 10186 10482 10447 9693 9498 9738

Næringsliv Kommunen vart bygd opp kring gruveselskapet Sydvaranger AS, som dreiv jernmalmgruvene i Bjørnevatn i perioden 1906-1996.

Kirkenes ligg strategisk plassert sentralt i Barentsregionen, og er i dag eit viktig knutepunkt i utviklinga av næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dei viktigaste næringane på Kirkenes er hamnerelaterte verksemder (skipsreparasjon, service) og ulike verksemder retta mot Nordvest-Russland. Andre viktige næringar i Sør-Varanger er handel, reiseliv, sjukehusdrift, jordbruk, reindrift og kommunal verksemd.

Før gruvene i Bjørnevatn vart starta, var Sør-Varanger fyrst og fremst eit samfunn basert på reindrift og fiske, med i hovudsak aust- og nordsamisk og finsk folkesetnad. Etter at gruvene vart opna vart det auka norsk busetnad, og som ei fylgje av den norske bureisingspolitikken vart Pasvikdalen forvandla frå eit område dominert av tradisjonell samisk og finsk næringsverksemd til eit jordbruksområde der norske bønder vart prioriterte av det statlege jordsalsstyret.

Russland har eit generalkonsulat på Kirkenes, og fleire land har honorære konsular i byen.

Styresmakter Ordføraren i 2018 er Rune Rafaelsen.

Kjende personar frå Sør-Varanger

Per John Johansen Savio (1877-1905), polfarar 1898–1900 Hans Thomas Lange Schaanning (1878–1956), ornitolog Ole Must (1879-1934), polfarar 1898–1900 Aksel Konrad Mikkola (1891–1975), stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet John Savio (1902–1938), samisk kunstnar Osvald Harjo (1910–1993), motstandsmann, mangeårig fange i Sovjetunionen Liv Kristin Hatle (f. 1936), kardiolog og forskar Grete Haagenrud (f. 1938), forfattar Bendik Rugaas (f. 1942), tidl. nasjonalbibliotekar og planleggings- og samordningsminister Unni Evjen (1943-2019), skodespelar Per Oskar Kjølaas (f. 1948), biskop i Nord-Hålogaland Vegard Ulvang (f. 1963), skirennar og OL-meistar Tore Olsen (f. 1970), skirennar Krister Sørgård (f. 1970), langrennsløpar Hege Moe Eriksen (f. 1975), utanrikskorrespondent og programleier (NRK) John Kristian Dahl (f. 1981) Kari Elisabeth Kaski (f. 1987), politikar

Venskapsbyar Finland: Enare Russland: Petsjenga (eller Peisen) Russland: Severomorsk

Sør-Varanger har tre venskapskommunar: Enare (Finland), Petsjenga (Russland) og Severomorsk (Russland). Samarbeidet med Petsjenga har vart i over 20 år, og er særleg utvikla på kultursektoren.

Sjå òg Liste over offentleg utsmykking i Finnmark etter kommune Samiske geografiske namn i Sør-Varanger Konfrontasjonen ved den norsk-russiske grensa i 1968

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Sør-Varanger bibliotek Turistinformasjonen Kirkenes lufthamn, Høybuktmoen

Kategori:Kommunar i Finnmark