Niederhorn (1950 moh) er eit fjell i Dei sveitsiske Alpane i Berner Oberland nær Beatenberg. Toppen ligg lengst vest på Güggis-ryggen. Frå toppen kan ein sjå Thunsjøen og heile Bern-Alpane.
mini|venstre|Utsyn over Thun og Thunsjøen frå Niederhorn
Det vart bygd ei kabelvognbane opp til toppen i 1946 med ein restaurant og leikeplass. I dag kan ein nå toppen med Seilbahnen Beatenberg-Niederhorn, ein meir moderne gondolbane som går opp frå landsbyen Beatenberg.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Niederhorn» frå , den 9. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Neiderhorn
Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Bern Kategori:Turistmål i Sveits Kategori:Kabelvogner i Sveits Kategori:Berner Oberland