Ida Zachariassen Sagberg () er ein norsk forfattar frå Tromsø. Ho debuterte i 2011 med novellesamlinga Snart er det oss. Sagberg bur i Vadsø og arbeider i Troms og Finnmark fylkesbibliotek som rådgjevar og festivalkoordinator for Finnlitt – Finnmark internasjonale litteraturfestival.
Sagberg var forfattarstudent ved Kunstakademiet på Universitetet i Tromsø frå 2011 til 2013. Ho har tidlegare medverka i antologiane Nordnorsk temperament og Løsrivelse. I 2012 var ho redaktør og medverkande i antologien Vi skal ikkje bindes saman frå forfattarstudiet i Tromsø, og hadde òg ei novelle med i klimaantologien SNU – Et brev til klimagenerasjonen.
I 2020 deltok ho i ein skrivekonkurranse i regi av iTromsø og Ordkalotten, og ho var ein av åtte finalistar som fikk vere med på Novellecup. Novella «I want to believe» kom til semifinalen.
Bøker 2011 – Snart er det oss – novellesamling
Referansar
Bakgrunnsstoff Bloggen til Ida Zachariassen Sagberg
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Tromsø Kategori:Forfattarar frå Troms Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2011