Joanne Rowling (), gift Murray og kjend under pseudonymet J.K. Rowling, er ein britisk forfattar og skaparen av bokserien om trollmannen Harry Potter. Rowling er i dag busett i Edinburgh i Skottland.

Ho gav ut den fyrste Harry Potter-boka, Harry Potter og De vises stein i 1997. Etter denne kom det seks oppfylgjarar, den siste, Harry Potter og dødstalismanene i 2007. I løpet av denne tida gav Rowling òg ut tre supplement til serien. I 2012 debuterte ho som vaksenforfattar med tragikomedien Den tomme stolen. Under pseudonymet "Robert Galbraith" gav ho ut krimromanen The Cuckoo's Calling i 2013.

Forfattarskapen har gitt henne store inntekter; Forbes skreiv i februar 2004 at formuen hennar var på 576 millionar britiske pund, noko som gjer ho til den fyrste forfattaren som har vorte dollarmilliardær og den niande rikaste kvinna i Storbritannia.

Oppvekst Rowling er fødd i Chipping Sodbury i Gloucestershire, sør i England.

Karriere Rowling skreiv først to romanar for vaksne, som til no ikkje er blitt gjevne ut, før ho fekk ideen om Harry Potter under ein firetimars togtur. I følgje henne, var allereie ein god del av personane samt det meste av plottet for første boka, Harry Potter og de vises stein, uttenkt idet toget rulla inn på stasjonen. Ho byrja å skrive i lunsjpausane sine og heldt fram med å arbeide med manuskriptet medan ho underviste i engelsk på Encounter English School i Oporto i Portugal. Etter eit mislykka ekteskap drog ho tilbake til Storbritannia med dotter si og fullførte boka i Edinburgh. På denne tida var ho arbeidslaus og levde berre på velferdsytingar.

Den første boka om Harry Potter vart ein braksuksess. Inntektene har gjort henne svært rik, og i 2001 skaffa ho seg ein herskapsbustad frå 1800-talet ved breidda av elva Tay i Perthshire i Skottland. Her gifta ho seg med Neil Murray i 2001. Dei har tre born saman.

I 2012 gjorde Rowling det kjent at ho skulle skrive ei ny bok, og at denne skulle bli «annleis enn Harry Potter-serien». Seinare vart det kunngjort at den nye romanen, som vart skriven for vaksne, skulle heite The Casual Vacancy, på norsk Den tomme stolen.

Utgivingar Harry Potter-serien Harry Potter og De vises stein (, 26. juni 1997) Harry Potter og Mysteriekammeret (, 2. juli 1998) Harry Potter og fangen fra Azkaban (, 8. juli 1999) Harry Potter og ildbegeret (, 8. juli 2000) Harry Potter og Føniksordenen (, 21. juni 2003) Harry Potter og Halvblodsprinsen (, 16. juli 2005) Harry Potter og dødstalismanene (, 23. juni 2007)

Andre barnebøker Fabeldyr og hvor de er å finne (, 1. mars 2001) Rumpeldunk gjennom tidene (, 1. mars 2001) Skalden Skurres historier (, 4. desember 2008)

Vaksenbøker Den tomme stolen (, 27. sept 2012) Når gjøken galer (, April 2013) Silkeormen (, 2014)

Kjelder

Bakgrunnsstoff J.K. Rowling si offisielle heimeside

Kategori:Harry Potter Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Forfattarar av fantastisk litteratur

Kategori:Kvinnelege forfattarar