Vitskapsåret 1829 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1829.
Hendingar Ved konkurransane i Rainhill, 6. oktober, vann George Stephenson sitt lokomotiv The Rocket over blant andre John Ericsson sitt Novelty Gaspard-Gustave Coriolis formulerte dei moderne definisjonane om arbeid og rørsleenergi. Nikolaj Lobatjevskij publiserte eit arbeid om hyperbolisk ikkje-euklidsk geometri. Jules Desnoyers gav namn til den geologiske perioden kvartær. Philippe-Charles Schmerling oppdaga fossil av neandertalarar. Eit av dei er delar av ein skalle til eit lite barn. William Austin Burt fekk patent på den første skrivmaskinen. Louis Braille fann opp opphøgd eller relieftrykk, som gjer det mogeleg for blinde å føle trykte bilete.
Prisvinnarar Copleymedaljen: ikkje utdelt. Royal Medal: Eilhard Mitscherlich og Charles Bell.
Fødde 2. februar – Alfred Brehm, tysk zoolog (død ) 7. september – Friedrich August Kekulé von Stradonitz, tysk organisk kjemikar (død ) 30. september Joseph Wolstenholme, britisk matematikar (død ) Franz Reuleaux, tysk maskiningeniør og rektor for den tekniske høgskulen i Berlin (død )
Døde 6. april – Niels Henrik Abel, norsk matematikar (fødd ) 10. mai – Thomas Young, britisk mangesidig naturforskar (fødd ) 29. mai – Humphry Davy, britisk kjemikar (fødd ) 14. november – Louis Nicolas Vauquelin, fransk apotekar og kjemikar (fødd ) 28. desember – Jean-Baptiste Lamarck, fransk biolog (fødd )