Vitskapsåret 1902 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1902.

Hendingar Fysikk Philipp Lenard observerte at den maksimale energien som vert danna ved den fotoelektriske effekten er uavhengig av intensiteten, men avhengig av frekvensen. Theodor Svedberg foreslo at den brownsk rørsla vert skapt av variasjon i mengda treff av molekyl.

Kjemi August Verneuil utvikla ein prosess for å framstille syntetiske rubinar.

Luftfart Det vart rapportert at Lyman Gilmore som første menneske hadde floge ved hjelp av ei kraftkjelde (eit dampmaskinsdrive glidefly).

Meteorologi Joseph Maria Pernter erklærte at den såkalla haglskytinga er verknadslaus. Jula - Ein orkan herja i Skåne i Sverige.

Prisvinnarar Copleymedaljen: Joseph Lister Darwinmedaljen: Francis Galton De Morgan-medaljen: Alfred George Greenhill Lyellmedaljen: Antonín Frič og Richard Lydekker Nobelprisen: Fysikk: Hendrik Lorentz og Pieter Zeeman Kjemi: Hermann Emil Fischer Fysiologi/medisin: Ronald Ross Wollastonmedaljen: Friedrich Schmidt

Fødde 10. februar - Walter Houser Brattain , fysikar 8. august - Paul Dirac, fysikar

Døde 12. april - Alfred Cornu, fysikar 5. september - Rudolf Virchow, patolog og biolog 22. desember - Richard von Krafft-Ebing - sexolog