Bruno Kernen () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Thun. Han vart verdsmeister i utfor under VM i alpint 1997 i Sestriere. I same meisterskapen fekk han sølv i den alpine kombinasjonen. Både i VM i alpint 2003 i St. Moritz og under vinter-OL 2006 i Torino vann han bronsemedalje i utfor. I sin siste sesong fekk han atter ein bronsemedalje, då i super-G i alpin-VM 2007 i Åre. Samanlagd i verdscupen i alpint vart han nummer 12 både i 1996 og 2003.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1997: Gullmedalje i utfor og sølvmedalje i kombinasjonsøvinga under VM i alpint i Sestriere 1998: Nr 12 i super-G under vinter-OL i Nagano 1999: Nr 7 i super-G under VM i alpint i Vail 2001: Nr 13 i utfor under VM i alpint i St. Anton 2002: Nr 11 i storslalåm under vinter-OL i Salt Lake City 2003: Bronsemedalje i utfor under VM i alpint i St. Moritz 2005: Nr 5 i utfor under VM i alpint i Bormio 2006: Bronsemedalje i utfor under vinter-OL i Torino 2007: Bronsemedalje i super-G under VM i alpint i Åre
Sigrar i verdscupen DatoStadGrein19. januar 1996 VeysonnazUtfor20. januar 1996 VeysonnazUtfor18. januar 2003 WengenUtfor
Kernen la opp som aktiv alpinist i 2007.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bruno Kernen» frå , den 17. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Bruno Kernen i olympedia.org
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006