Col de Joux Plane er eit géoportail.fr høgt fjellpass i Département Haute-Savoie. Ein kløvsti går over det eigentlege passet.

Den smale vegen D 354 passerer rett sør for det høgste punktet og når ei høgd på . Skiltet ved passhøgda viser ei høgd på .Sjå bilde

Vegen knyter saman tuirstsenteret Morzine i nord med Giffredalen og Samoëns i sør. Rett nord for det høgste punktet på vegen ligg Lac du Col de Joux Plane, eit om lag 280 meter langt og grunt vatn med ein stor holme.

Sykkelsport Col de la Joux Plane blei første gong sett opp på Tour de France-programmet i 1978, og har sidan vore med 10 gonger.L’historique de Tour, Les Sommets, Joux-Plane 1713 Trass den låge høgda på 1 691 moh. og ei stigning på berre 989 høgdemeter klassifiserer arrangørane stigninga opp som Hors catégorie, dvs. den hardaste kategorien et fjell har i Tour de France. Sørsida har over 11,6 km ei gjennomsnittleg stigning på 8,5. Etappan har vanlegvis målgang i Morzine, på nordsida, slik at Joux Plane har noko av dramaturgien til målgang på slutten av stigningar..

Referansar

Bakgrunnsstoff Col de la Joux Plane på sykkelsidene www.quaeldich.de

Kategori:Fjellovergangar i Alpane Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Rhône-Alpes Kategori:Tour de France