Armenia debuterte i Eurovision Song Contest i 2006 og har delteke 13 gongar. Sidan debuten har Armenia kvalifisert seg til finalen 11 gongar. Armenia har blitt slått ut i semifinalen tre gongar: i 2011, 2018 og 2019. Armenia har aldri vunne Eurovision Song Contest, men den beste plasseringa til Armenia er to fjerdeplassar: i 2008 og 2014.
Historie Det er den armenske kringkastaren Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun (ARMTV) som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Armenia. I 2006 sendte Armenia sitt fyrste bidrag til Eurovision Song Contest; André med «Without Your Love». Han kom på sjetteplass i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen. Der hamna André på åttendeplass med 129 poeng. Med åttendeplassen, var Armenia direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2007. Fram til 2011 kom Armenia på topp ti kvart år. Sidan har resultata vore varierte, og Armenia vart slått ut i semifinalen to år på rad i 2018 og 2019.
Fråværa i 2012 og 2021 I Düsseldorf i 2011 vart artisten Emmy og «Boom Boom» slått ut i sin semifinale, og for fyrste gong klarte ikkje Armenia å ta seg vidare til ein Eurovision-finale.
Året etter, valde Armenia ikkje å deltake, sidan nabolandet og erkefienden Aserbajdsjan skulle arrangere Eurovision Song Contest etter å ha vunne året før. Dei to landa har ein langvarig og konfliktfylt historie, blant anna striden om regionen Nagorno-Karabakh. Vinteren 2012 sette armenske artistar i gang ein underskriftsaksjon for å få Armenia til å trekkje seg frå tevlinga, sidan dei meinte Aserbajdsjan nyleg hadde utvist «anti-armenske haldningar». Aserbajdsjanske myndigheiter på si side garanterte for tryggleiken til den armenske delegasjonen, men Armenia valde til slutt å trekkje seg frå tevlinga. Armenia kom tilbake til Eurovision Song Contest igjen i 2013 og deltok kvart år fram til 2020.
I 2021 var Armenia påmelde til tevlinga, men vedtok å trekkje seg i mars 2021, berre ei veke før tidsfristen gjekk ut for å levere inn bidrag. Kringkastaren forklara vedtaket om å trekkje seg frå tevlinga med den politiske uroa i landet som eskalerte vinteren 2020-2021, der kuppmakarane kravde at statsministeren Nikol Pasjinian skulle gå av. Uroa skuldast frustrasjon med den økonomiske utviklinga i landet, og utfallet av krigen om Nagorno-Karabakh, der Armenia vart tvinga til å gje frå seg område til erkerivalen Aserbajdsjan.
Bidrag År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2006 André «Without Your Love» Engelsk 129 8 150 6 2007 Hayko «Anytime You Need» Engelsk og armensk 138 8 colspan="2" 2008 Sirusho «Qélé, Qélé» Engelsk og armensk 199 4 139 2 2009 Inga og Anusj «Jan Jan» Engelsk og armensk 92 10 99 5 2010 Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 141 7 83 6 2011 Emmy «Boom Boom» Engelsk colspan="2" 54 12 colspan="7" 2013 Dorians «Lonely Planet» Engelsk 41 18 69 7 2014 Aram MP3 «Not Alone» Engelsk 174 4 121 4 2015 Genealogy «Face the Shadow» Engelsk 34 16 77 7 2016 Iveta Mukutsjan «LoveWave» Engelsk 243 7 243 2 2017 Artsvik «Fly With Me» Engelsk 79 18 152 7 2018 Sevak Khanagjan «Qami» Armensk colspan="2" rowspan="2" 79 15 2019 Srbuk «Walking Out» Engelsk 49 16 Athena Manoukian «Chains on You» Engelsk colspan="4" colspan="7" 2022 Rosa Linn «Snap» Engelsk 61 20 187 5 2023 Brunette «Future Lover» Engelsk og armensk 122 14 99 6 2024 Ladaniva «Jako» Armensk 183 8 137 3 2025 Parg «Survivor» Engelsk og armensk 72 20 51 10 2026 «» Engelsk
Galleri
Røystehistorikk (2006-2021) Finalane
+ Armenia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 126 02 75 04 73 05 70
+ Armenia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 93 02 91 03 86 04 71 05 70
Semifinalane
+ Armenia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 91 02 71 04 66 05 56
+ Armenia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 96 02 87 03 75 04 68 05 61
Kommentatorar og talspersonar År Kommentator Talsperson 2006 Gohar Gasparyan og Felix Khachatryan Gohar Gasparyan 2007 Gohar Gasparyan Sirusho 2008 Felix Khachatryan og Hrachuhi Utmazyan Hrachuhi Utmazyan 2009 Sirusho 2010 Hrachuhi Utmazyan og Khoren Levonyan Nazeli Hovhannisyan 2011 Lusine Tovmasyan 2012 Deltok ikkje
Sjå òg Armenia i Junior Eurovision Song Contest Forholdet mellom Armenia og Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Armenia i Eurovision Song Contest
Denne artikkelen bygger på «Armenia i Eurovision Song Contest» frå , den 5. mars 2021.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest