Gabriel Jonas Lippmann () var ein fransk–luxembourgsk fysikar og Nobelprisvinnar. I 1883 vart han professor i matematisk fysikk ved Sorbonne i Paris, og i 1886 i eksperimentell fysikk.

Lippmann arbeidde mellom anna med undersøkingar av elektrolytisk polarisasjon og absolutte avgjersler av eininga ohm for resistans. Han fann opp ein direkte metode for fargefotografi i 1891, som ikkje fekk praktisk bruk. Denne metoden bygde på interferens mellom ljoset som fall direkte inn på ein film, og ljoset som vart reflektert frå ein spegl bak filmen. Interferensbiletet som oppstad var avhengig av bølgjelengda til ljoset. Ved belysning etter at filmen var framkalt, ville fargane i det ljoset som han var eksponert med, bli attgjeve. Metoden er omtrent den same som i dag blir nytta i holografi. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1908 for denne oppfinninga

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gabriel Lippmann» frå , den 20. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske fysikarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå byen Luxembourg Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Luxembourgske nobelprisvinnarar Kategori:Luxembourgske oppfinnarar Kategori:Luxembourgske fysikarar Kategori:Folk som døydde til sjøs Kategori:Franske jødar Kategori:Jødiske fysikarar Kategori:Jødiske oppfinnarar