Qian Xuesen () var ein kinesisk vitskapsmann som var aktiv i missilprogrammet til både USA og Folkerepublikken Kina.

Qian studerte først ved Jiaotong-universitetet i Shanghai, der han tok ein eksamen i maskinteknikk i 1934. Han kom til USA i 1936 for å studere ved California Institute of Technology, der han fekk doktorseksamenen sin i 1939. Etter at han hadde undervist ved Caltech og MIT vart han tilsett av krigsprogrammet til USA og bestod den naudsynte tryggleiksklareringa.

Han vart ein av grunnleggjarane av Jet Propulsion Laboratory i 1943, som arbeidde med å utvikle våpen mot det tyske V-2-programmet. Etter slutten av andre verdskrigen vart han send til Tyskland av den amerikanske regjeringa for å intervjue og lære av tyske vitskapsmenn som Wernher von Braun. Etter tilbakekomsten sin til USA i 1949 vart Qian skulda for kommunistiske sympatiar. Han vart fengsla og vart lauslaten først i 1955 i byte mot amerikanske krigsfangar frå Koreakrigen.

Etter heimkomsten til Kina vart han engasjert i rakett- og missilprogrammet til staten, og han vart medlem av Kinas kommunistiske parti i 1958. Han blir òg rekna som opphavet til det kinesiske romfartprogrammet.

I 1980-åra vart Qian kjent som ein varm talsmann for qigong, som etter meininga hans kunne vidareutviklast med hjelp av marxistisk filosofi.David A. Palmer, Qigong fever: body, science, and utopia in China (New York : Columbia University Press, c2007), s.108f.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Qian Xuesen» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Hangzhou Kategori:Kinesiske fysikarar Kategori:Medlemmar av Det kinesiske vitskapsakademiet Kategori:Rakettforskarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet