Arno Allan Penzias () er ein amerikansk fysikar ved Bell Laboratories i Holmdel i New Jersey.
Penzias og Robert Woodrow Wilson mottok Nobelprisen i fysikk i 1978 for oppdaginga av den kosmiske mikrobølgjebakgrunnsstrålinga. Penzias og Wilson delte halvparten av prispengane, medan den andre halvdelen vart tildelt Pjotr Kapitsa.
Han vart utdanna ved City College of New York og tilsett ved Bell Telephone Laboratories i New Jersey. Penzias studerte i lag med Robert Wilson radioemisjonar frå eit plasmaområde kring Mjølkevegen og påviste ei uniform bakgrunnsstråling som indikerte ein gjennomgåande varmeenergi, som tilsvarar kring 3 K i universet. Utrekningar etter big bang-teorien for opphavet til universet viser at slike forhold skulle finnast, og målingane deira vart derfor teke som eitt av dei sterkaste bevisa for at teorien er riktig.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arno Allan Penzias» frå , den 22. februar 2012.
Arno Penzias. (5. april 2012) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Arno Penzias
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå München Kategori:Tysk-amerikanarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet