Dimmelsvik er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden har . Staden ligg på austsida av Hardangerfjorden, om lag 4 km sørom Rosendal. Frå Dimmelsvik går det veg innover Omvikdalen og til Matre.
Dimmelsvik er ein gamal handelsstad, og var administrativt sentrum i Kvinnherad fram til etter andre verdskrigen. Her ligg framleis Tinghuset, det første rådhuset i kommunen, bygd om lag 1870. Her låg også tønnefabrikk og treskofabrikk.
Administrasjonsbygget til Kvinnherad energi ligg i Dimmelsvik. Hardanger Rock har eit sandtak og pukkverk som leverer ulike sand- og steinprodukt. Bygda er den største jordbruksbygda i kommunen, med om lag 5340 dekar jordbruksland, og 31 bruk med mjølkekvote (2002).
Bakgrunnsstoff Om Omvikdalen hjå Kvinnherad kommune .
Kategori:Busetnader i Kvinnherad Kategori:Tettstader i Vestland