Douglas D. Osheroff () er ein doktor i fysikk ved Cornell University frå 1973. Osheroff mottok Nobelprisen i fysikk i 1996. Grunngjevinga til Kungliga Vetenskapsakademien for Nobelprisen var oppdaginga av superfluid i helium-3. Han delte prisen med landsmennene David M. Lee og Robert C. Richardson.

På byrjinga av 1970-talet arbeidde Lee, Osheroff og Richardson i lågtemperaturlaboratoriet ved Cornell University. Her oppdaga dei at heliumisotopen helium-3 kan bli superfluid ved ein temperatur som berre ligg rundt to tusendelar av ein grad over det absolutte nullpunktet. Dette superfluide kvantehydrogenet skil seg frå den som vart oppdaga og studert på 1930-talet, og som hadde rundt tusen gonger høgare temperatur enn den normale heliumisotopen helium-4. Den nye forma av helium-3 har særs spesielle eigenskapar som ikkje kan forklarast med klassisk fysikk, men krev kvantefysikkalske forklaringar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Douglas D. Osheroff» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Aberdeen i Washington Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet