Riccardo Giacconi () er ein italiensk fysikar og pioner innan røntgenastronomi. Han avla doktorgraden sin ved universitetet i Milano i 1954.

Giacconi mottok Nobelprisen i fysikk i 2002 for den banebrytande innsatsen sin innan astrofysikken, som har førte til oppdaginga av kosmiske røntgenkjelder. Han mottok halvparten av prispengane, medan amerikanaren Raymond Davis jr. og japanaren Masatoshi Koshiba delte den andre halvparten.

For å oppdage kosmisk røntgenstråling, som vert absorbert av jordatmosfæren, trengst det eit instrument plassert i rommet. Giacconi konstruerte eit slikt instrument. Han oppdaga den første røntgenkjelda utanfor solsystemet vårt og vart den første som kunne konstatere at universet har ein røntgenstrålande bakgrunn. Giacconi konstruerte òg dei første romteleskopa, som har blitt brukt til å ta nye og skarpere bilete i røntgen av universet.

Prisar (utval) – Karl Schwarzschild-medaljen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Riccardo Giacconi» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:Italiensk-amerikanarar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Italienske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Genova Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:National Medal of Science Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Astronomar på 2000-talet