Charles K. Kao () er ein pioner innan utvikling og bruk av fiberoptikk innan telekommunikasjon. Kao blir allment rekna som grunnleggaren av fiberoptikk. Han vart tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk for 2009 på grunn av sin «banebrytande innsats vedrøyrende overføring av lyset innan optisk fiber for kommunikasjon».
Han fullførte vidaregåande opplæring i 1952 ved St. Joseph's College i Hongkong. Han gjorde studiane sine på lågare grad innan elektroteknikk ved University of Greenwich og tok bachelorgrad ved University of London.
Kao var visekanslar ved det kinesiske universitetet i Hongkong frå 1987 til 1996. Etter han slutta ved CUHK i 1996 tok Kao ein 6 månader lang pause ved Imperial College London Department of Electric and Electronic Engineering.
Kao jobba deretter som styreformann og administrerande direktør i Transtech Services Ltd, eit telekommunikasjon konsulentselskap i Hongkong. Han var òg grunnleggar, styreformann og administrerande direktør i ITX Services Limited. Frå 2003 til 2009 var Kao uavhengig styremedlem og medlem av Revisjonskomiteen av Neste Media.
Sidan 1991 har Kao vore uavhengig styremedlem og medlem av revisjonskomiteen i Varitronix International Limited som ligg i Hongkong. I 2000 grunnla Kao Independent Schools Foundation Academy (ISF), som ligg i Cyberport i Hongkong.
Kao vart diagnostisert med Alzheimers sykdom tidleg i 2004 og utvikla talevanskar. Kao og kona han ønskte å donere ein del av premiepengane han vart tildelt i samband med Nobelprisen til forsking på aldring og omsorg.
Kao vart i 2010 utnemnd til riddarkommandør av Order of the British Empire for fortenestene innan fiberoptikk og kommunikasjon.Queen's Birthday Honours List 2010 , directgov.gov.uk,
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Charles K. Kao» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Order of the British Empire Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Kinesiske nobelprisvinnarar Kategori:Kinesiske fysikarar Kategori:Britiske fysikarar