Youngs modul, E-modul, elastisitetsmodul eller fjørkonstant er forholdet mellom spenning og relativt lengdeauke i ein lekam og seier noko om motstandsevnen eit materiale har mot elastisk deformasjon.

Jo høgare E-modulen er, jo stivare er materialet.

Det er viktig å presisere at elastisk deformasjon føreseier at eit materiale òg går tilbake til den opphavlege forma når ei belastning vert fjerna. Dette er i motsetnad til plastisk deformasjon der materialet ikkje går tilbake til den opphavlege forma si.

Målemetodar for å finne E-modulen til eit materiale Den mest presise måten å måle E på er å måle lydfarten gjennom materialet, sidan farte av lydbølgjene vl, er avhhengig av E-modulen og tettleiken til materialet, ρ (rho):

Ein annan metode er å måle eigenfrekvensen til materialet (resonans) gjennom å måle svingingane av ein tynn stav av ønska materiale, opphengt i begge ender, med ein tung masse, M, påført p midten, slik massen til sjølve staven kan neglisjerast. Når diameteren til staven er d, lengda er l og f er frekvens (Hertz) vil

Det er òg mogeleg å utsette masseblokka for ei kjend kraft og deretter måle tøyinga, men dette er ofte vanskeleg sidan E-modulen ofte er stor i forhold til den lengdeauken som oppstår, og vil dermed vere vanskeleg å måle visuelt. Det er òg andre effektar, som kryp eller siging og defleksjon, som kan påverke tøyinga og gjere målinga av E-modulen vanskeleg. Innanfor bergmekanikk er derimot denne måten å rekne ut E-modulen vanleg.

I ein slik einaksiell kompresjonstest reknar ein ut elastisitetsmodulen frå følgjande likning:

Bakgrunn for materialeigenskapar som E-modul Det er to punkt som i størst grad påverkar E-modulen.

Pakkestrukturen til atoma Interatomære band Primære band Sekundære band

Omtrentlege E-modular for nokre faste stoff Material E-modul (E) i GPa E-modul (E) i N/mm² (MPa Megapascal) Gummi 0.01-0.1 10-100 Polyetylen med låg tettleik 0.2 200 Polypropylen 1.5-2 1500-2000 Polyetylentereftalat 2-2.5 2000-2500 Polystyren 3-3.5 3000-3500 Nylon 2-4 2000-4000 Eik (tre) (langs fibrane) 11 11 000 Høgfast betong (under trykk) 30 30 000 Magnesium (metall) 45 45 000 Aluminium 70 70 000 Glas (alle typar) 72 72 000 Messing og bronse 103-124 103 000-124 000 Titan (Ti) 105-120 105 000-120 000 Karbonfiberforsterket plast 150 150 000 Smijern og stål 190-210 190 000-210 000 Wolfram (W) 400-410 400 000-410 000 Silisiumkarbid (SiC) 450 450 000 Wolframkarbid (WC) 450-650 450 000-650 000 Nanorør i karbon ca. 1,000 ca. 1 000 000 Diamant 1,050-1,200 1 050 000-1 200 000

Kjelder Denne artikkelen bygger på «E-modul» frå , den 23. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fysiske storleikar Kategori:Elastisitet i fysikk