Wienkvartettane er seks strykekvartettar, K. 168-173, komponerte av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1773 i Wien.

Desse kvartettane vert rekna som eit langt steg fram frå Milanokvartettane, som vart laga mindre enn eit år tidlegare. Kvar kvartett består av fire satsar, inkludert menuettar og trioar. Mozart hadde høyrt nylege kvartettar av Joseph Haydn og nytta mange av elementa deira.Heartz, Daniel, Haydn, Mozart, and the Viennese School, 1740-1780. W.W. Norton & Company (ISBN 0393965333), p. 564-567 (1995).

Wienkvartettane Kvartett nr. 8 i F-dur, K. 168

Allegro Andante Menuetto Allegro

Den langsame satsen i F-moll er ein kanon på det kjende temaet som vart nytta i finalen til Haydn sin Op. 20-kvartett i same toneart. Finalen er ein fuge som liknar ein av finalane i Op. 20, denne gongen A-dur-kvartetten.

Kvartett nr. 9 i A-dur, K. 169

Molto allegro Andante Menuetto Rondeau (allegro)

Kvartett nr. 10 i C-dur, K. 170

Andante Menuetto Un poco adagio Rondo - Allegro

Opningssatsen er eit tema og ein variasjon med eit tema som liknar variasjonstemaet nytta i Haydn sin Kvartett Op. 9, nr. 5 i B. Den andre frasen i den langsame satsen inneheld opningsteamet frå Haydn sin Op. 9 nr. 4 i D-moll.

Kvartett nr. 11 i Ess-dur, K. 171

Adagio - Allegro - Adagio Menuetto Andante Allegro assai

Kvartett nr. 12 i H-dur, K. 172

Allegro spiritoso Adagio Menuetto Allegro assai

Kvartett nr. 13 i D-moll, K. 173

Allegro moderato Andante Grazioso Menuetto Allegro moderato

Starten på menuetten er den same som menuetten til Haydn i hans Op. 9 nr. 4 i D-moll.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Viennese Quartets (Mozart)» frå , den 29. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

#08-13