Jon Istad ()«Ein høvding er borte» i Hordaland 18. mai 2012. s.1 frå Voss var ein norsk skyttar og skiskyttar. Han vart skyttarkonge på Landsskyttarstemnet på Kongsberg i 1959, og verdsmeister på 20 km under VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen.

Karriere Istad vart beste norske deltakar både under VM i skiskyting 1962 og VM 1963, siste gongen på ein femteplass. I 1966 vart han i Garmisch-Partenkirchen verdsmeister på 20 km, med tida 1.38,21,8 var han knapt minuttet føre sølvmedaljevinnaren Joszef Sobczak frå Polen i mål. Begge trefte på 16 av 20 skot. På stafetten i same meisterskapen gjekk Istad tredjeetappen på det norske laget som VM-gull, dei andre på laget var Ivar Nordkil, Olav Jordet og ankermannen Ragnar Tveiten. Noreg vann VM-gullet på stafetten også året etter, i Altenberg i DDR. Ola Wærhaug gjekk startetappen, elles gjekk Jordet, Istad og Tveiten dei same etappane som året før. Istad vann bronsemedaljen på 20 km i Altenberg, ei tevling som gjekk under vanskelege tilhøve. Han fekk halvtanna minutt svakare sluttid enn verdsmeisteren Viktor Mamatov frå Sovjetunionen.

Både under vinter-OL 1968 i Grenoble og VM i skiskyting 1969 gjekk Istad på norske sølvlag i stafett. I dei olympiske leikane gjekk han sisteetappen, medan han i 1969 gjekk tredjeetappen. Også Magnar Solberg var på begge dei norske stafettlaga, medan Wærhaug og Jordet fekk OL-sølv og Tveiten og Esten Gjelten vann VM-sølv. Begge åra var det Sovjetunionen som vann gullmedaljane.

Istad la opp i 1969.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1962: Nr 6 på 20 km under VM i Hämäänlinna 1963: Nr 5 på 20 km under VM i Seefeld 1964: Nr 11 på 20 km under vinter-OL i Innsbruck 1966: Gullmedalje på 20 km og på 4 x 7,5 km stafett under VM i Garmisch-Partenkirchen 1967: Bronsemedalje på 20 km, gullmedalje på 4 x 7,5 km stafett under VM i Altenberg 1968: Nr 11 på 20 km, sølvmedalje på 4 x 7,5 km stafett under vinter-OL i Grenoble 1969: Nr 9 på 20 km, sølvmedalje på 4 x 7,5 km stafett under VM i Zakopane

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Fotnotar

Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Norske skyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Voss