Severus Slur (engelsk Severus Snape) er ein fiktiv person i J.K. Rowling sin serie om Harry Potter. Han er lærar på Galtvort. I den fyrste romanen i serien er han fiendtleg mot Harry og blir den viktigaste motstandaren i dei siste kapitla. Ettersom serien utviklar seg, blir Slurs karakter meir komplisert. Rowling avslørar ikkje hans sanne lojalitet før slutten av den siste boka, Harry Potter og Dødstalismanene. Han er skildra som bleik med kolsvarte auge og feitt, svart hår. I filmane blir Slur spelt av Alan Rickman.
Rowling har sagt at ho fekk inspirasjon til Snape frå ein lærar ho mislikte i barndommen. Namnet hans tok ho frå vegen Severus Road i Clapham og etternamnet frå landsbyen Snape i England. I eit intervju frå 1999 og igjen i 2004 omtalte Rowling Snape som ein av favorittfigurane sine å skriva.
Kjelder
Kategori:Personar i Harry Potter-serien