Semikolon er eit skiljeteikn som på norsk blir brukt i to samanhengar:

1) Mellom to hovudsetningar, når den andre setningen utfyller opplysningane gitt i den første setningen, eller innhaldet på annan måte heng saman med det som er opplyst i den første setningen: I fjor kjøpte skulen PC til alle elevane; no foreslår rektor datafrie dagar.

2) Mellom ledd i ei oppramsing: Frå Aust-Agder er desse valde til Stortinget: Freddy de Ruiter, Arbeidarpartiet; Ingebjørg Godskesen, Framstegspartiet; Svein Harberg, Høgre og Kjell Ingolf Ropstad, Kristeleg Folkeparti.

Kjelder Korrekturavdelingen om semikolon

Kategori:Skiljeteikn