Glenner (retoromansk Glogn) er ei elv med mange stryk i Graubünden i Sveits. Glenner var òg namnet på eit distrikt i området, som vart ein del av Surselva i 2001. thumb | left | Kajakkpadling i dei nedre delane ved Pitasch
Elva spring ut nær grensa til Ticino og er omgjeve av fjell opp til 3100 meter over havet. Elva renn gjennom Val Lumnezia. I Suraua munnar Valser-Rhinen ut i Glenner. Etter nokre kilometer munnar Glenner sjølv ut i Vorderrhein ved Ilanz. I dei øvre delane av elva har ho grave ut ei djup kløft, som har avdekt svartskifer enkelte stader. Under snøsmeltinga og etter regnvêrsperiodar, vert elvevatnet vanlegvis mørkt grått.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glenner» frå , den 7. mars 2012.
Bakgrunnsstoff Guide på kajaktour.de
Kategori:Elvar i Europa Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Geografi i Graubünden Kategori:Rhinenvassdraget