Songesand er ein stad ved nordsida av Lysefjorden i Ryfylke. Staden ligg aust for Bakken gard, og nordvest for Kallali på hi sida av fjorden. Det bur ingen fastbuande i bygda i dag, men lenger oppe i dalen er det nokre få gardsbruk som framleis er i drift.

I tidlegare tider budde det periodevis opptil 36 menneske på staden. Postopneriet låg nede ved fjorden, medan skulehus og bedehus låg midtvegs mellom gardane langs den 3 km lange vegen. I dag er skulen nedlagt. Fram til vegsambandet med Årdal i Hjelmeland (Fylkesveg 661 i Rogaland) blei ferdig utbygd i 1994, var båt og telefon einaste moglege kommunikasjon ut. Staden har framleis anløp av hurtigbåt året rundt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Songesand» frå , den 8. mars 2012.

Kategori:Stader i Forsand Kategori:Geografi i Sandnes Kategori:Busetnader i Sandnes