mini|right|278px|Matterhorn, eit symbol på Sveits Sveits er eit fjelland omgjeve av land i Vest- og Sentral-Europa. Det er omgjeve av fem land: Austerrike og Liechtenstein i aust, Frankrike i vest, Italia i sør og Tyskland i nord. Sveits er eit av dei minste landa i Europa og strekkjer seg på det lengste 220 km frå nord til sør og 350 km frå aust til vest.

Sveits er velkjent for Alpane i sør og søraust. Nord for Alpane strekkjer Det sveitsiske platået seg frå aust til vest. Dei fleste innbyggjarane i Sveits bur i åsane og slettene på dette platået. Dei mindre Jurafjella ligg nordvest for dette platået. Mykje av nordgrensa mot Tyskland følgjer Rhinen, men Rhinen går inn i Sveits nær Schaffhausen. Austgrensa med Tyskland og ein del av grensa mot Austerrike går gjennom Bodensjøen. Ein del av den sørvestlege grensa med Frankrike går gjennom Genfersjøen.

Sveits er delt inn i 26 kantonar. Kantonane langs det sveitsiske platået er som regel meir folkerike,Switzerland: Statistical information industridominert og religiøst protestantisk.Swiss Federal Statistics Office, på tysk Kantonane i Alpane er mindre folkesette, katolske og har ein økonomi som meir er basert på jordbruk og turisme.

Sveits er òg delt språkmessig. Det er fire offisielle språk i landet. 63,7 % av innbyggjarane snakkar tysk, 20,4 % snakkar fransk, 6,5 % snakkar italiensk og 0,5 % retoromansk. Frå Bern og austover (utanom Ticino) snakkar innbyggjarane generelt tysk. Vest for Bern snakkar innbyggjarane hovudsakleg fransk. I den sørlege kantonen Ticino, snakkar dei fleste italiensk. Retoromansk er ei gruppe dialektar som stammar frå vulgærlatin og vert snakka i fleire regionar i kantonen Graubünden.

Fysisk skildring Sveits strekker seg mellom 45°49'05 og 47°48'30 grader nord og 5° 57'23 og 10°29'31 grader aust. Landet er forma som ein irregulær firkant og den største lengda frå aust til vest er 350 km, og den største breidda frå nord tils ør er 220 km. Sveits er omgjeve av land, og den næraste kystlinja er Genovabukta, 160 km sør for Chiasso. Dei politiske grensene samsvarar ofte ikkje med dei naturlege. Heile kantonen Ticino ligg sør for Alpane, og det same er dalane Simplon (Valais), Mesocco, Bregaglia, Poschiavo og Müstair (alle i Graubünden); heile kantonen Schaffhausen og delar av Basel ligg nord for Rhinen, medan ein stor del av Graubünden ligg aust for Rhinenvassdraget, og Porrentruy ligg langt ned på vestsida av Jurafjella. Utanom desse unntaka kan ein skildre den fysiske geografien til Sveits som følgjer:

I sør går hovudkammen til Alpane, Alpehovudkammen, som ved Mont Dolent nær Martigny, heng saman med dei lågare fjella som stig opp sør for Genfersjøen, og som går gjennom sveits til nær Piz Lad i aust.

Nord for hovudkammen ligg ei anna stor fjellkjede (heilt innanfor Sveits) som berre er hakket mindre stor og høg. Ho startar frå åsane Jorat oppfor Lausanne, og når toppen i dei snøkledde toppane i Bern-Alpane og Tödi-gruppa, før dei går mot nord nær Chur, og stig nok ein gong i Säntis-gruppa, før dei forsvinn ned mot sørsida av Bodensjøen.

Den sveitsiske delen av hovuddelen av Alpane og dei nordlege greinene går parallelt med kvarandre frå Martigny til nær Chur, medan dei eit kort stykke faktisk går saman nær Pizzo Rotondo (vest for St. Gotthard-passet), og deler seg igjen nær Oberalppasset (aust for St. Gotthard). Mellom desse to store snøkledde fjellkjedene renn to av dei største elvane i Europa, Rhône mot vest og Rhinen motm aust. Kjeldene deira er berre skilde av dei samanfiltra fjellmassane mellom Pizzo Rotondo og Oberalppaset, som sender Reuss mot nord og Ticino mot sør.

Nord for dei nordlegaste delane av Alpane stig Jurafjella, ein stor avstikkar av Alpane (som dei heng saman med ved Joratfjella), medan ein mellom dei nordlege Alpane og Jurafjella strekkjer seg ei slette eller det ein kallar Det sveitsiske platået. Platået består nesten utelukkande av den bølgjande dalen til Aare (nedanfor Thun) med dei mange sideelvane hennar. I tillegg til denne elvedalen har ein Thurdalen (ei sideelv til Rhinen), som ligg mellom Aarevassdraget og Rhinenvassdraget (Bodensjøen).

Geologi Forskjellige geologiske fenomen har forma det faktiske landskapet i Sveits. Den alpine orogenesen er mest synleg i dag og utgjer den geologiske rørsla som skapte Alpane.

Ein krystallinsk sokkel vart danna i byrjinga av paleozoikum, mellom 540 og 360 millionar år sidan. Seinare, mellom 205 og 96 millionar år sidan vart Tethyshavet danna mellom Eurasia og Afrika. Havet var på sitt største under juratida, for 135 millionar år sidan. Kollisjonen mellom dei eurasiatiske og afrikanske platene gjorde at havet gradvis forsvann. Denne platekollisjonen, som framleis pågår, starta for 100 millionar år sidan. Alpane vart skapt av denne geologiske rørsla då dei to platene skapte foldesonar. Det sentrale platået består hovudsakleg av molasse, ein sedimentær bergart som vert skapt på botn av gammalt hav.

Sveits ligg i ein relativt roleg tektonisk sone, sjølv om byen Basel vart nesten øydelagd i 1356 av eit jordskjelv, den største seismiske hendinga i Sentral-Europa i historisk tid. Dei mest aktive regionane er nettopp i Rhinen-riftdalen (regionen Basel) og Valais.

Fysiografisk inndeling mini|Dei tre hovudregionane:

Sveits kan hovudsakleg delast inn i tre geografiske regionar: Dei sveitsiske Alpane, det sentrale platået og Jurafjella. Dei samsvarar kvar til klårt fråskilde geologiske tilhøve. To små regionar er derimot ikkje ein del av desse tre. Den første, nord for Rhinen i Basel-området, ligg på andre sida av Jura. Den andre ligg sør i Mendrisio-området, i Podalen. Desse to er derimot små i forhold til dei andre regionane.

Dei sveitsiske Alpane dekkjer den sørlege delen av Sveits. Dei vart danna då den afrikanske plata pressa nordover. Denne rørsla skapte òg Jurafjella i nordaust og platået mellom dei to massiva. Alpane dekkjer om lag 60 % av landet, platået om lag 30 % og Jura 10 %.

Det kuperte terrenget i Jura og Alpane er tynt folkesett, bortsett frå nokre store dalar som Valais. Dei fleste innbyggjarane i landet bur på platået i store byar som Genève, Zürich og Bern.

Det sentrale platået

mini|Åsar i Emmental Det sveitsiske platået strekkjer seg frå Genfersjøen ved grensa til Frankrike over det sentrale Sveits til Bodensjøen ved grensa til Tyskland og Austerrike. Platået har ei gjennomsnittleg høgd på 580 meter over havet.The Swiss Plateau - Switzerland - Information Heile platået er dekt med rullande åsar, små innsjøar og elvar. Dei fleste av dei store innsjøane i Sveits ligg på platået. Både Genfersjøen (581,3 km²) og Bodensjøen (541,1 km²) ligg på platået, men er delt med andre land. Den største innsjøen som ligg heilt innanfor grensene til Sveits er Neuchâtelsjøen (218,3 km²) ligg òg på Det sveitsiske platået.

Det sveitsiske platået vert kryssa av tre store elvedalar (Rhône, Rhinen og Aare) og den mindre Thurdalen. Medan kjeldene til desse fire elvane alle ligg i Alpane, skjer dei alle gjennom platået mellom Alpane og Jurafjella. Rhône- or Rhindalane er skilde frå kvarandre av Aaredalen og den isolerte Thurdalen av dei store nordlege utløparane av Alpane, som består av Berner Oberland og Glarus-Alpane. To breie og bølgjande dalar (Aare og Thur) og to djupe dalar (Rhône og Rhinen) ligg altså på nordsida av Alpane. Alle dei fire elvane svingar fram og tilbake og dannar nokre av dei store elvane i Europa. Nær Schaffhausen passerer Rhinen gjennom Rhinfossen, den mest vassrike fossen i Europa. Rhinfossen er om lag 150 meter brei og 25 meter høg.

Platået okkuperer om lag ein tredjedel av arealet i Sveits, og om lag to tredjedelar av innbyggjarane bur i dette området. Folketettleiken her er om lag 450 innbyggjarar per kvadratkilometer. I regionane kring Genfersjøen, Zürichsjøen og andre byar, er folketettleiken over 1000 innbyggjarar per km2.Swiss Federal Statistics Office Map I tillegg til størsteparten av innbyggjarane, er det meste av industrien, produksjonen og jordbruket i Sveits å finne på platået. Gardane er generelt små og godt organiserte. Dei fleste gardane har små enger som vekslar mellom forskjellige avlingar og små skogkledde område.

Alpane

mini|Med Finsteraarhorn som det høgaste punktet er den store nordlege fjellkjeda ei viktig vêrskilje. Dei sveitsiske Alpane dannar ein del av fjellkjeda som strekkjer seg over det sørlege Europa og skil Nord-Europa frå Middelhavet. Fleire viktige fjellovergangar gjennom Alpane ligg i Sveits, og kontrollen av desse passa har vore viktige gjennom historia til Sveits. Alpane har ei gjennomsnittleg høgd på 1700 meter over havet.Alpane - Switzerland og dekkjer nesten to tredjedelar av det totale arealet. I alpane er det 48 fjell som er over 4000 moh. eller høgare.

Alpane er nedslagsfeltet til Vest-Europa. Rhinen drenerer i lag med sideelvane sine Aare og Thur om lag to tredjedelar av vatnet ut i Nordsjøen. Rhône og Ticino drenerer om lag 18% av vatnet i Middelhavet. Inn som munnar ut i Donau utanfor Sveits, drenerer om lag 4,4 % av vatnet ut i Svartehavet.Geography of Switzerland I Dei sveitsiske Alpane ligg òg mange av isbreane i Sentral-Europa. Det er om lag 1800 brear som dekkjer 1200 km² av Alpane.

mini|venstre|Bern-Alpane i Grindelwald Alpane er ein populær turistdestinasjon og er eit av dei mest gjenkjennelege symbola på Sveits. Det høgaste punktet i Sveits, Monte Rosa (4634 moh) i kantonen Valais, ligg i Alpane og det høgaste fjellet som ligg heilt innanfor grensene til Sveits er Dom (4545 moh). Eit av dei mest gjenkjennelege symbola på Sveits er Matterhorn som òg ligg i Alpane. Matterhorn (4478 moh) er det sjuande høgaste fjellet i Dei sveitsiske Alpane og det mest fotograferte i Sveits. Det høgaste fjellet i dei nordlege utstikkarane eller Bern-Alpane er Finsteraarhorn (4274 moh).

På sørsida av Alpane ligg kantonen Ticino som er delt i to geografisk av Monte Ceneri-passet. Den nordlege, meir fjelldominerte delen, kalla Sopraceneri, er forma av to store sveitsiske dalar kring Lago Maggiore: Ticinodalen og Maggiadalen. Den sørlege delen, kalla Sottoceneri, er regionen kring Luganosjøen. Det lågaste punktet i Sveits er ved Lago Maggiore (193 moh).

Jura

mini|Creux du Van i kantonen Neuchatel syner kalksteinslag som er synlege i Jurafjella. Jura er ei kalksteinsfjellkjede som strekkjer seg frå Genfersjøen til Rhinen. Dette området utgjer om lag 12 % av landarealet til Sveits. Det ligg om lag 700 moh. og er karakterisert av eit høglandsområde av kalkstein med djupe elvedalar.

Kalksteinen i Jura er frå juratida med mange fossil og dinosaurspor. Namnet på den geologiske perioden juratida er faktisk kalla opp etter desse fjella, der desse fossila vart studerte mot slutten av 1700-talet.The Jura - Switzerland - Information Jura er ein av dei viktigaste stadane for fotavtrykk etter dinosaurar i verda. I eit område nær landsbyen Courtedoux, er det over 1500 fotavtrykk, som vart oppdaga mellom 2002 og 2004, og det er estimert at kring 4000-5000 fotavtrykk framleis ikkje er oppdaga.Swissinfo article, August 26, 2004

Fjella er slakare bygd opp enn Alpane, som er ei yngre og meir aktiv fjellkjede.

mini|venstre|Doubs markerer grensa til Frankrike

Det høgaste fjellet i Jurafjella er Le Crêt de la Neige på 1720 meter over havet.

Hydrologi mini|Mange elvar, som Aare, har kjelda si frå brear i Alpane. Sveits har om lag 6 % av alle ferskvassreservane i Europa. Landet deler fem nedslagsfelt og somme av dei største innsjøane i Vest-Europa med nabolanda sine. Landet er kjelda til fleire av dei store europeiske elvane som etter kvart renn ut i Nordsjøen (Rhinen), Middelhavet (Rhône), Svartehavet (Inn via Donau) og Adriahavet (Ticino via Po og Ram via Adige).