Sauetang (Pelvetia canaliculata) er ei vanleg brunalge på berg langs strandlinene i Europa.

Utsjånad Sauetang er ein 10-30 cm høg brunalge med 1-3 mm breie gaffelgreina skot, som manglar midtnerve og blærer, og som særleg kan kjennast på dei innrulla kantane. Formeiringsorgana vert utvikla i greinspissane. Dei er ovale og opp til 3 cm lange, og førekjem heile året, men mest sommar og haust. Hann- og hoorgana finst på same plante.

Utbreiing mini|Sauetang på sidene av ein slipp Arten er vanleg på den europeiske atlanterhavskysten frå Island til Spania, medrekna Noreg, dei britiske øyane, Nederland, Frankrike og Portugal. I Irland har innsamling av planta vore ei matkjelde i tider med hungersnaud.

Førekomst i Noreg Tangen veks på berggrunn og så høgt i fjøra at han er turrlagd ein stor del av tida. Han finst frå Stavangertraktene til Finnmark.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pelvetia canaliculata» frå , den 10. mars 2012. Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).

Kategori: Algar Kategori: Sjøplantar i Noreg