Kaurtang er ei vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.
Utsjånad thumb|venstre|Kaurtang var. platycarpus 5-10 cm høg brunalge som ofte vert forveksla med blærelause småindivid av blæretang. Kaurtangen manglar blærer, og skota er noko spiralsnodde med midtnerve. Kjønnsorgana sit i urneliknande groper i oppsvulma greinspissar (receptaklar). Receptaklane på kaurtangen er runde og gulbrune, på blæretangen meir eller mindre avlange. På kaurtangen er receptaklane dessutan omgjevne av ein liten steril kant. Han- og hoorgan vert utvikla på same planta og om sommaren. På blæretange vert dei utvikla på ulike plantar i april-juni..
Utbreiing Tangen finst vanleg langs strandlinene på atlanterhavskystane i Europa, Kanariøyane og Nord-Amerika.
Førekomst i Noreg Kaurtangen veks gjerne i eit belte like over blæretangbeltet, og trivst på skjerma stadar og helst på nordvende svaberg. Finst langs heile kysten, men sparsamt i Skagerrakområdet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fucus spiralis» frå , den 10. mars 2012. Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
Bakgrunnsstoff
Kategori: Algar Kategori: Sjøplantar i Noreg