Thierstein er eitt av ti distrikt i kantonen Solothurn i Sveits, og ligg nord i kantonen. I lag med distriktet Dorneck dannar det Amtei (valkrinsen) Dorneck-Thierstein. Han har kring 14 000 innbyggjarar.

Thierstein består av 12 kommunar med Breitenbach som hovudstad og Kleinlützel som ein eksklave. Dei andre kommunane er Bärschwil, Beinwil, Büsserach, Erschwil, Fehren, Grindel, Himmelried, Meltingen, Nunningen og Zullwil.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thierstein District» frå , den 11. mars 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Distrikt i Solothurn