1714 (romartal MDCCXIV) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen. Året markerte slutten på den verdsomspennande spanske arvefølgjekrigen, men i Finland byja den store ufreden då landet blei invadert av Tsar-Russland. I Storbritannia enda Stuart-dynastiet med dronning Anne, og det hannoveranske monarkiet tok til.

mini|Slaget ved Hangöudd måla av Maurice Baquoi i 1724—1727.

Hendingar Pågåande konfliktar Den store nordiske krigen (1700-1721) Den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714)

Utlandet 28. februar: Balaji Vishwanath, ein representant for Sjahu av Marathariket, inngjekk ein avtale med dei to mektige Sayyid-brørne i Mogulriket. Marathariket fekk tilbake landområde, fangar og sjølvstyre mot å betala ein årleg tributt.; . Oppgjeve av Fransk Wikipedia.

mini|Kong Georg I av Storbritannia måla i 1714 av Godfrey Kneller.

2. mars (19. februar i den julianske kalenderen): Svenskane under Carl Gustaf Armfeldt d.e. blei overvunne av russarane i slaget ved Storkyro i Finland. Heile Finland var no under russisk herredøme. Den store ufreden, som kom til å vara fram til 1721, var i gang. 7. mars: Den spanske arvefølgjekrigen. Krigen mellom Frankrike og Austerrike enda offisielt med fredsavtalen i Rastatt. Juli: Med Longitude Act skipa Det britiske parlamentet kommisjonen Board of Longitude og utlova ei stor belønning for den som kunne finna ein praktisk måte å bestemma lengdegrada til eit skip på. 13. juli: Grunnlegginga av visekongedømet Brasil. 23. juli (29. juni etter juliansk kalender): St. Olafs slott ved Nyslott (Savonlinna) i Finland overgav seg til russarane. 27. juli: Slaget ved Hangöudd under Den store nordiske krigen. Den russiske marinen vant sin første viktige siger, mot den svenske marinen. 1. august: Dronning Anne av Storbritannia og Irland døydde utan direkte arvingar. Slektningen hennar Georg av Hannover var tidlegare blitt utpeikt av det engelske parlamentet, og han blei den første kongen av Storbritannia. 7. august: Helgoland blei ein del av Danmark. 7. september: Den spanske arvefølgjekrigen. Freden i Baden enda krigen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket. 11. september: Den spanske arvefølgjekrigen. Omleiringa av Barcelona enda med at Barcelona blei teken og Catalonia overgav seg til spanske og franske bourbonstyrkar. 12. september: Taninganway Min blei konge av Burma.

22. november (11. november etter juliansk kalender): Karl XII av Sverige kom til den blokkerte byen Stralsund etter eit lengre opphald i Det osmanske riket og ei reise gjennom Europa, delvis i forkleding.

9. desember: Den osmansk-venetianske krigen (1714–1718). Det osmanske riket erklærte krig mot republikken Venezia. 23. desember: Marie Anne de La Trémoille, prinsesse av Ursins og ei mektig spansk hoffdame, blei send i eksil frå Spania etter påtrykk frå Elisabet Farnese, kong Filip V si nye kone.E. Asse: Ursins (Anne-Marie de La Trémoille, princesse des), spalte 815. Oppgjeve av Tysk Wikipedia.

Ukjend dato: Handelsstaden Zumbo blei grunnlagd av portugisarane ved møtepunktet mellom Luangwa og Zambezi i Mosambik.

Noreg

26. juli–27. juli: Trefninga ved Lindesnes der dansk-norske sjøstridskrefter leia av kapteinløytnant Peter Wessel slost mot svenske marinestyrkar.

mini|Marie Louise Élisabeth av Orléans, gift med Karl av Berry, måla som enkje i 1714.

Fødde

21. januar: Anna Morandi Manzolini, italiensk anatom 8. mars: Carl Philipp Emanuel Bach, tysk komponist 12. mai: Johan Daniel Berlin, tysk-norsk musikar og komponist 6. juni: José I av Portugal 17. juni: César-François Cassini de Thury, fransk astronom og kartograf 2. juli: Christoph Willibald Gluck, tysk komponist 10. september: Niccolò Jommelli, italiensk toneskapar

Døde

4. januar: Atto Melani, italiensk songar 14. februar: Maria Lovisa av Savoia, spansk dronning 11. mars: Johanna Vergouwen, flamsk målar 27. mars: Charlotte Amalie av Hessen-Kassel, dansk-norsk dronning 5. mai: Karl av Berry, fransk hertug 30. mai: Gottfried Arnold, tysk forfattar 8. juni: Kurfyrstinne Sophia av Hannover 1. august: Anne av Storbritannia, regjerande drottning av England, Skottland og Irland

Kjelder

Kategori:Utvalde artiklar 2014