Michael von Grünigen () er ein sveitsisk tidlegare alpinist frå landsbyen Schönried i Saanen. Han var i fleire år mellom dei aller fremste storslalåmrennarane i verda, fram til han la opp i 2003. Både i 1997 og 2001 vart han verdsmeister i storslalåm, dessutan vann han to VM-bronsar og ein OL-bronse. Grünigen vann storslalåmcupen i verdscupen både i 1996, 1997, 1999 og 2003. Han sigra i 23 enkeltrenn i verdscupen, storslalåmrenn alle.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1991: Nr 7 i storslalåm under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm 1992: Nr 7 i slalåm under vinter-OL i Albertville 1993: Nr 16 i slalåm under VM i alpint i Morioka 1994: Nr 15 i slalåm under vinter-OL på Lillehammer 1996: Bronsemedalje både i slalåm og storslalåm under VM i alpint i Sierra Nevada 1997: Gullmedalje i storslalåm under VM i alpint i Sestriere 1998: Bronsemedalje i storslalåm under vinter-OL i Nagano 1999: Nr 7 i storslalåm under VM i alpint i Vail 2001: Gullmedalje i storslalåm under VM i alpint i St. Anton 2002: Nr 11 i storslalåm under vinter-OL i Salt Lake City 2003: Nr 7 i storslalåm under VM i alpint i St. Moritz

Verdscupsigrar Dato Stad Land 19. januar 1993 Veysonnaz Sveits 18. desember 1994 Val-d’Isère Frankrike 12. november 1995 Tignes Frankrike 17. november 1995 Vail USA 25. november 1995 Park City i Utah USA 19. januar 1996 Adelboden Sveits 10. februar 1996 Hinterstoder Austerrike 22. desember 1996 Alta Badia Italia 5. januar 1997 Kranjska Gora Slovenia 8. mars 1997 Nagano Japan 15. mars 1997 Vail USA 26. oktober 1997 Tignes Frankrike Dato Stad Land 14. desember 1997 Val-d’Isère Frankrike 28. februar 1998 Yongpyong Sør-Korea 20. desember 1998 Alta Badia Italia 14. mars 1999 Sierra Nevada i Spania Spania 17. november 2000 Park City USA 17. desember 2000 Val-d’Isère Frankrike 6. januar 2001 Les Arcs Frankrike 10. mars 2002 Flachau Austerrike 22. november 2002 Park City USA 15. desember 2002 Val-d’Isère Frankrike 1. mars 2003 Yongpyong Sør-Korea

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Denne artikkelen bygger på «Michael von Grünigen» frå , den 14. mars 2012.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002