Arvid Torgeir Lie ()Arvid Torgeir Lie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 26. mai 2020 frå https://snl.no/Arvid_Torgeir_Lie var ein norsk lyrikar frå Skafså.
Lie voks opp i Åmdalsverk, og studerte ved Universitetet i Oslo før han ei tid arbeidde som skogsarbeidar. Han debuterte i 1967 med diktsamlinga Under fuglens vengjekross, som var påverka av diktinga til Aslaug Vaa. Han fekk sidan fått utgitt elleve diktsamlingar til, den seinaste kom i 2011. Lie skreiv også ei novellesamling og gjendikta bøker til norsk. Frå 1977 hadde han Statens garantiinntekt for kunstnarar (kunstnarløn).
Han fekk Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995 for Eksakthet. Nærvær, og Melsom-prisen i 2007 for Innfor den myndige og den umyndige beretninga. Same året fekk han også Doblougprisen.
Lie var busett i Spydeberg kommune sidan 1997.
Bøker 1967 – Under fuglens vengjekross – diktsamling 1968 – Snøvinter – diktsamling 1969 – Frå eit halvt liv – diktsamling 1971 – Skrive og tenke – diktsamling 1973 – Sol og sekund – diktsamling 1976 – Sju svingar opp – diktsamling 1981 – Eit merkeleg hus – diktsamling 1982 – Dikt i utvalg – dikt i utval 1986 – Den nye maskina – novellesamling 1990 – I eit Bergsto-år – diktsamling 1995 – Eksakthet. Nærvær – diktsamling 2001 – 39 fragment over ein harmonika – diktsamling 2006 – Innfor den myndige og den umyndige beretninga – diktsamling 2011 – Mot det ærlege lyset – diktsamling
Litterære prisar 1995 – Halldis Moren Vesaas-prisen for Eksakthet. Nærvær 2007 – Melsom-prisen for Innfor den myndige og den umyndige beretninga 2007 – Doblougprisen
Referansar
Bakgrunnsstoff Utgjevingar av Arvid Torgeir Lie i BIBSYS Ask
Kategori:Folk frå Tokke Kategori:Folk frå Spydeberg Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1967 Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen