Bex er ein kommune i kantonen Vaud i Sveits, i distriktet Aigle. Han ligg nokre få kilometer sør for systerbyen Aigle. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 424 meter over havet.
Kommunen ligg langs elva Avançon. Han er den tredje største kommunen i distriktet og strekkjer seg frå breidda av elva Rhône (395 moh) til Les Diablerets (3210 moh). Han består av landsbyen Bex og grendene Le Châtel, Les Dévens, Le Chêne, Fenalet, Les Posses, Le Bévieux, Frenières og Les Plans.
Bex ligg austsida av elva Rhône i ein vid dal omgjeven i aust av Bern-Alpane og i vest av Chablais-Alpane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bex» frå , den 22. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Vaud