Eyvind Alnæs () var ein norsk komponist frå Fredrikstad.

Alnæs studerte i Oslo hjå Iver Holter, i Leipzig hjå Carl Reinecke og i Berlin. Frå 1895 til 1907 var han organist i Drammen, deretter organist og kordirigent i Oslo. Han var med på å grunnleggje Norsk Komponistforbund.

Han komponerte to symfoniar, Variations symphoniques, ein pianokonsert, pianostykkje, koralpreludium for orgel, korstykkje og songar i seinromantisk stil. Dei mest kjende er romansane De hundrede violiner og Der du gjekk fyre.

Kategori:Norske komponistar Kategori:Folk frå Fredrikstad