1733 (romartal MDCCXXXIII) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen. mini|«Anno 1733 den 9 Augusti reiste over dette Field Mands Eidet»Koparstikk frå reisa til Kristian VI over Mannseidet i Sogn-og Fjordane. Ukjend kunstnar. Tilhøyrer Det Kongelige Bibliotek.
Hendingar
Utlandet Kristian VI innførte stavnsbandet i Danmark.
Noreg Kristian VI av Danmark-Noreg var på reise i Noreg frå juni til september med følgje av ektemaken Sophie Magdalene, svigermora Sophie Christiane av Wolfstein, embetsmenn og tilsette ved hoffet i tillegg til kunstnarar som skulle dokumentera reisa. Hovudbygninga på Bygdøy Kongsgård vart ført opp av statthaldar Christian Rantzau til kong Kristian VIs reise i Noreg.
Fødde mini|upright|Johann Zoffany fødd 13. mars Sjølvportrett
13. mars: Johann Zoffany, tysk-britisk målar 17. mars: Carsten Niebuhr, tysk matematikar og kartograf i dansk teneste 24. mars: Joseph Priestley, engelsk kjemikar og prest 5. september: Christoph Martin Wieland, tysk diktar, forfattar og omsetjar 12. september: Niels Krog Bredal, dansk-norsk syngespeldiktar og teaterdirektør ukjend dato: Peter Holm, dansk-norsk amtmann og topografisk forfattar
Døde
17. januar – George Byng, 1. vicomte Torrington, britisk marineoffiser og statsmann 1. februar – August den sterke, kurfyrste av Sachsen og konge av Polen 3. april – Bertel Christian Ægidius, dansk prest og salmediktar 11. september – François Couperin, fransk barokkomponist, organist og cembalovirtuos ukjend dato – Georg Böhm, tysk organist og komponist