Atomic er ei svensk-norsk jazzkvintett som vart skipa i 1999. Atomic er ei rein mannsgruppe og består av tre nordmenn og to svenskar; alle erfarne jazzmusikarar. Platedebuten deira kom i 2001 med Feet Music. To år seinare fylgde dei opp med cd-en Boom Boom. Under utdelinga av Spellemannprisen 2003 vann Atomic i kategorien for jazz med denne siste plata.

I 2005 gav Atomic ut liveplata The Bikini Tapes som bestod av heile tre cd-ar. Plata inneheldt både nye komposisjonar, songar frå dei to førre platene, samarbeid med jazzgruppa School Days samt ei nyinnspeling av «Pyramid Song» av Radiohead. Fredrik Ljungkvist var hovudkomponisten på The Bikini Tapes.

Neste studioalbum av Atomic fekk tittelen Happy New Ears! og kom i 2006. Igjen vart Atomic tildelt ein Spellemann i kategorien jazz, denne gongen under Spellemannprisen 2006. I 2009 gav Atomic ut ei ny liveplate, Retrograde som igjen er ei samling av tre cd-ar, med både gamalt og nytt stoff.

Diskografi

2001: Feet Music 2003: Boom Boom 2005: The Bikini Tapes (live) 2006: Happy New Ears! 2009: Retrograde (live)

Kjelder

Denne artikkelen er omsett frå «Atomic (Band)» frå , den 5. april 2012. Artikkelen viser til fylgjande bok som hovudkjelde: Richard Cook & Brian Morton: The Penguin Guide to Jazz Recordings, 8. utg., London, Penguin, 2006 ISBN 0-141-02327-9

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Atomic på Myspace Omtale av Atomic på Paal Nilssen-Love si nettside

Kategori:Norske jazzgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1999 Kategori:Svenske jazzgrupper Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen