Arnold Johannes Wilhelm Sommerfeld () var ein tysk teoretisk fysikar og pioner i utviklinga av atom- og kvantefysikken.

Sommerfeld studerte matematikk og naturvitskap ved Albertina Universitetet i heimbyen hans Königsberg i Aust-Preussen. Avhandlinga hans vart skriven med hjelp av rådgjevar og matematikar som Ferdinand von Lindemann. Han gjennomførte den nasjonale eksamenen i 1892 og då byrja han på eit år med militærteneste, som vart gjort med eit reserve-regiment i Königsberg. Han fullførte den obligatoriske militærtenesta si i september 1893, og for dei neste åtte åra stod han oppført som frivillig med åtte veker militærteneste.

Sommerfeld var ein anerkjent stor teoretikar og han hadde fleire uvurderlige bidrag til kvanteteorien. Han vart tildelt mykje heider i levetida si, som t.d. Lorentzmedaljen og Max-Planck-medaljen. Dessutan vart at han vald til medlem av Royal Society i London, United States National Academy of Sciences, Det sovjetiske vitskapsakademiet og Det indiske vitskapsakademiet. Sommerfeld står bak utdanninga av mange studentar for ein ny æra med teoretisk fysikk. Han vart 81 gonger nominert til Nobelprisen i fysikk, og han fungerte som professor og rettleiar for fleire seinare nobelprisvinnarar i fysikk enn nokon annan rettleier. Sommerfeld døydde, i ein alder av 83 år, i München av skadar etter ei trafikkulukke medan han gjekk tur med barneborna hans.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arnold Sommerfeld» frå , den 6. april 2012.

Bakgrunnsstoff

Annotated bibliography for Arnold Sommerfeld from the Alsos Digital Library for Nuclear Issues

Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Folk frå Königsberg Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet